Eit helsefremjane Ørsta

Folkehelsekoordinator Ingvild Endal saman med Michael Fuller-Gee og Tone Helen Jørgensen.

Måndag var tilsette frå Ørsta kommune, politikarar og næringslivsaktørar samla til seminar: «Det menneskelege bandet» - å skape eit helsefremjande Ørsta sentrum.

Eksterne foredragshaldarar var innleidde for å gi ei felles forståing, auke kompetansen og inspirere til folkehelsefremjande tiltak knytt til utviklinga av Ørsta.

Kurshaldarar


Michael Fuller-Gee -  Sjefsarkitekt og byplanleggar i Arendal kommune er i dag ein av dei mest etterspurte foredragshaldarane innan samfunnsplanlegging.  Han har fokus på samfunnsutvikling med mennesket i sentrum, og set dette i samanheng med folkehelse.


Tone Helen Jørgensen  - Rådgjevar i folkehelseseksjonen i Vestfold fylkeskommune, med særleg fokus på medverknadsprosessane knytt til planverk. 

 

 

Bakgrunn

Ørsta kommune er ei av seks kommunar i Møre og Romsdal som deltek i fylkeskommunen sitt utviklingsprosjekt «Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse».  Arbeidet er retta mot faktorar og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innverknad på innbyggjarane si helse gjennom medverknad. Når ein knyter dette til arbeidet med reguleringa av Ørsta sentrum som allereie er i gang, gir dette kommunen ein unik posisjon. Her kan ein sjå konkret på korleis nokre av folkehelseutfordringane kan løysast gjennom reguleringsplanen. 

Ope møte utviklingsplan Ørsta sentrum

 

Folkehelse – vår felles helse

Fokuspunktet for seminaret var korleis Ørsta kommune i gjennom reguleringsplan og stadutvikling kan skape det gode lokalsamfunnet. - Eit samfunn som bidreg til å løyse fleire av folkehelseutfordringane vi opplev og vidare fremje ei god folkehelse.

I dag er det slik at mange opplev praten over kassa på butikken som den einaste interaksjonen ein har i løpet av ein dag. Å vere einsam blir sett på den største folkesjukdommen i vår tid. – Korleis kan skal vi bidra til å snu denne trenden?

Michael Fuller-GeeKurshaldar Michael Fuller-Gee forklarte korleis synergiar og sambruk, der ulike tenester vert knytt tett saman for å dekke våre behov, bidreg til å skape dei gode levande samfunna. Vi må gå frå ei bilvenleg til ei menneskevenleg bygd med gode møteplassar som legg til rette for å vere saman og møte sambygdingar, som har gåavstand og er knytepunkt for turar.

Fuller-Gee trakk fram eksempel frå heile landet som peika på fordelar ved sambruk, der ein til dømes har både daglegvarebutikk, kafè med uteareal og bibliotek i same bygg. På denne måten kan ein trekke ulike krefter saman til naturlege møtepunkt.

 

Korleis gjere Ørsta attraktivt?

Å legge til rette for menneska er viktig. Skal vi tiltrekke oss og halde på innbyggjarane våre må Ørsta, på lik linje med alle andre bygder og byar, vere attraktivt. Spørsmålet er kven det skal vere attraktivt for. Dette krevjer ei bevisstgjering.

Det er ein trend at fleire småbarnsfamiliar ønskjer å halde til i dei store byane, det er ikkje lengre attraktivt nok å bu i bygdene og flytte heim. Michael Fuller-Gee forklarar at vi må gjere det attraktivt for våre eigne born å bu i bygda vår, om vi ynskjer at dei skal flytte tilbake etter studiar. - Vi må gjere dette til den finaste staden å vekse opp. Bidra til tankegangen om at «mine born skal få den same gode oppveksten som eg hadde». 

 

Suksessfaktor 

Tone Helen Jørgensen avslutta kurset med å setje i perspektiv kvifor det er så viktig med medverknad for å lykkast. Det å oppfordre og gjere det mogleg for folk å bidra, kome med innspel og få si stemme høyrt er ein suksessfaktor. Det let både viktige meiningar kome fram i lyset og det bidreg gjerne til at fleire tek eigarskap til prosessar og endringar som blir gjort.

Innbyggjarmedverknad gjennom til dømes folkemøte og prate med ”dei det gjeld”, er difor svært viktig. Det er i tillegg nyttig å sjå på nye moglegheiter og arenaer for medverknad. Ikkje alle har høve til å møte på folkemøte, men vil likevel kome med sine innspel. Vi må difor utfordre oss sjølve på å møte folk der dei er og skape nye arenaer der fleire kan medverke.

Følg oss