Møteplassen aktivitetssenter
Møteplassen aktivitetssenter & kafé er ope for alle. Det er ein plass ein kan gå innom for å lese aviser, kjøpe seg ein kaffi eller litt mat, og slå av ein prat.
Møteplassen har som målsetting å gje menneske med psykiske lidingar eit tilbod til å betre sin livskvalitet gjennom deltaking i ulike aktivitetar. Aktivitetane vil vere ei hjelp til brukaren for å strukturere kvardagen, opparbeide sosial trening, skape nettverk og etablere felleskap.
Besøksadressa er Berte Kanuttevegen 4, 6150 Ørsta.