Tilbygg


Tilbygg er ei utviding av bygget si grunnflate. Tilbygg plasserast ved sida av eksisterande bustad.  Påbygg plasserast på eksisterande bustad.
 

Du kan søkje sjølv om bruksareal er under 50 m2   

Søkje sjølv

Du må søkje med hjelp frå fagfolk om bruksareal er over 50 m2

Søkje med hjelp av fagfolk


Avstandskrav

Det er viktig å merke seg:

  • Er tomta i regulert område er det viktig å sjekke føresegner i gjeldande reguleringsplan. Dette kan vere byggelinjer eller bestemte reglar for plassering av tilbygget.
  • Utanfor regulert område gjeld veglova § 29 med fylgjande avstandskrav:
    15 meter frå kommunal veg
    50 meter frå fylkesveg
  • Plassering av tilbygget nærmare enn avstadskrava  krev grunngitt søknad om dispensasjon, som skal leggast ved søknad om løyve til tiltak.


Avstandskrav til nabo og bygg

Hovudregel er 4 m frå nabogrense og minimum 8 meter frå frittliggande byggverk , jf. Plan- og bygningslova § 29-4. Om det er ønskje om å plasserast bygget nærare enn dette skal det ligge ved fråsegn frå nabo og det skal gjennomførast brannsikring av bygningen etter gjeldande forskrifter.