Transporttilbodet «Fram bestillingsteneste» mellom Ørsta, Åmdal og Sæbø held fram

Kommunestyret vedtok finansieringa av Fram bestillingsteneste (Fram flexx) på kommunestyremøtet 23. mars 2023.

Ørsta kommunestyre ønskjer vidare samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune om bestillingstransport, der Ørsta kommune dekkjer halvparten av kostnadane. Ein reknar med at kommunen sin kostnad for 2023 for Ørsta kommune er opptil kr 65.000.


Fram bestillingsteneste

Transport tilbod kor kunden kan bli frakta til/frå heimen og til/frå haldeplass for FRAM sin rutegåande kollektivtransport - buss, ferje eller hurtigbåt. Tilbodet gjeld strekninga Ørsta-Åmdal-Sæbø.

Alle som skal reise frå Sæbø ferjekai til Ørsta , eller frå Ørsta til Sæbø ferjekai kan nytta dette tilbodet. Bor du på strekninga Sæbø-Åmdal-Ørsta kan du og bruke dette tilbodet, under føresetnad av at du bor innan 2 km frå fylkesvegen. Turen startar frå Sæbø eller Ørsta til oppgitt tid og køyrer innom og hentar eller set av dei som har bestilt og skal av eller på undervegs.

Informasjon


Slik bestiller du

Du bestiller reise på: frammr.no/orsta eller telefon 712 80 100.

Pris: Kr 50,- Eigendel pr. passasjer i bestillingsdrosje. Sjå rutehefte for avgangar og når du må bestille.

Følg oss