Leige og utleige

Ørsta kommune har både bustadar og leilegheiter til utleige.

Dei fleste ligg i nærområdet rundt Ørsta sentrum og 6 på Sæbø.
Bustadane er bygde i ulike tidsepoker, storleik og leigevilkår er av den grunn noko ulike.


Husleiga ligg frå kr. 3400 - 10 000 alt etter storleiken og tilstanden til den kommunale bustaden. Du kan søkje om bustønad når du bur i dei kommunale bustadane.