Dette må du gjere ved feiing


Dette må du gjere FØR feiing 

  • Alle omnsdører, luker og spjeld må vere lukka for å unngå sotskade 
  • Er du usikker på om overgang mellom eldstad og skorstein er tett bør du dekke til med laken eller liknande 
  • Sørg for at det er tilfredsstillande tilkomst for feiing av skorsteinen 
  • Sørg for at feie-/sotluker er tilgjengelege 
  • Ved feiing frå tak: Legg stigen klar der feiar skal gå opp på taket. Om stigen er tung må du sjølv sørge for at den vert røyst og sikra så born ikkje kan klatre i den. Stigen skal plasserast slik at det er lett å gå direkte frå denne og over til takstigen. Den skal rage minst 1 meter over raft. På glatt underlag må lause stigar sikrast mot å gli.
  • Informer alle i bustaden om at det skal feiast 
  • Det må ikkje vere fyr i eldstad(-ane) under feiinga 

 

"Må eg vere tilstades/heime under feiinga?"

Nei – det treng du ikkje, om du har utvendig tilkomst (utvendige stiger opp til pipa).
Ja – det må du om du har innvendig tilkomst (t.d. feieluke på loft).


Dette må du gjere ETTER feiing 

Har du ikkje avtalt uttak av sot med brannførebyggaren, må du sørge for uttak av sot etter feiinga - husk då å oppbevare sotet i eldfast behaldar. 
 

Meir om feiing  Min eigedom