Feiing

Feiing er ei lovpålagd oppgåve. Kommunen skal syte for at røykkanalar i fyringsanlegg som brukast til oppvarming av byggverk vert feia ved behov.  

Denne tenesta er dekt av feie- og tilsynsgebyret. 

For at feiing skal kunne gjennomførast må det vere tilfredsstillande feietilkomst enten frå tak eller frå feieluke. 

Tilkomst på tak 
Der det er feiing frå tak med helling utover, skal det vere montert takstige – både for at feiaren skal kunne bevege seg trygt og for å unngå skade på taket. 

Takstigen må vere godkjent og montert i samsvar med monteringsrettleiing.  

Takstigen skal ligge inntil skorsteinen og gå opp til mønet, eventuelt i overkant av skorsteinen, slik at feiaren kan stå i takstigen (der det ikkje er feieplattform) under feiinga. 

Plattform 
Om avstand frå stige til der kosten skal ned er høgare enn 1,2 m må det vere plattform eller feieluke. 

Gangbru 
Mellom to skorsteinar skal tilkomst skje via takbru, eventuelt kan det monterast eigen takstige til kvar skorstein. 

Eigar sitt ansvar 
Det er eigar som etter brannvernlovgjevinga er ansvarleg for at det er tilfredsstillande tilkomst for feiing. 

 

Sjå kva du må gjere før feiing 

Kontakt

Aret Engjaberg feiar
97163555
@ Aret Engjaberg