Naudnummer
I akutte situasjonar bruker du naudnummera:
- 110 (brann)
- 112 (politi)
- 113 (ambulanse)
Viktige nummer
Varsling mellom kl. 10.00–14.00
Servicekontor: 70 04 97 00
Varsling mellom kl. 14.00–10.00, helgedagar og heilagdagar:
- Vakt brannbefal: 91 12 28 20
- Vakt teknisk: 90 04 97 60
Kriseleiinga
Kriseleiinga har ansvar for å leie kommunen si handtering av ei krise, dvs situasjonar som ikkje kan handterast innanfor normal drift, krev mykje informasjon eller andre spesielle tiltak som krev mykje ressursar. Kriseleiinga skal mellom anna samle informasjon om stoda, koordinere innsatsen og disponere ressursar i samarbeid med andre involverte partar. Dei har også ansvar for at nødvendig informasjon kjem ut til innbyggarane og media, og for rapportering og samhandling med overordna statlege styresmakter.
Kommunen si kriseleiing er sett saman av dei som har det overordna administrative og politiske ansvaret ved normal drift, samt representantar frå redningsetatane. Ordføraren har det overordna ansvaret i ei krise, og rådmann er nestleiar i kriseleiinga.
Når større uønska hendingar oppstår, skal ein alltid varsle naudetatane og setje i gong førstehjelpstiltak. Deretter må kriseleiinga få varsel så snart som råd.
- Ordførar (leiar)
- Kommunedirektør (nestleiar)
- Kommunalsjef teknisk, eigedom og landbruk
- Kommunalsjef helse, omsorg og velferd
- Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering
- Informasjonsansvarleg
- Fagleiar IKT
- Kommuneoverlege
Beredskapskontakt:
- Brannsjef
- Politi
Psykososialt kriseteam
Psykososialt kriseteam skal hjelpe kriseleiinga med å gi involverte personar og/eller pårørande omsorg og støtte i krisesituasjonar. Delar av psykososialt kriseteam kan også bli brukt ved akutte hendingar der det oppstår omsorgsbehov, sjølv om ikkje kriseleiinga er samla. Om dette er aktuelt eller om behovet kan dekkast i ordinært linjeansvar/fagpersonar, vert vurdert i kvart tilfelle. Kommunen har også ressurspersonar i bygdelaga som kan bistå.
- Tenesteleiar helse og familie
- Teamleiar tildeling og koordinering
- Kontaktperson, psykisk helse og rusteneste
- Kontaktperson, helsestasjon
- Sjukepleiar
- Psykolog