Spesialpedagogisk hjelp for barn 0-6 år

Barn i kommunen som har behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 19a i Lov om barnehage.
Spesialpedagogisk hjelp kan givast i barnehagen, i heimen eller ved institusjon. - Tenesta er gratis.

For å vurdere om eit barn treng spesialpedagogisk hjelp vert føresette rådde til å ta kontakt med pedagogisk-psykologis teneste ( PPT) saman med styrar/pedagogisk leiar i barnehagen. 

Om eit barn ikkje har barnehageplass, kan ein søke informasjon om hjelp/støtte på helsestasjonen eller ta kontakt med seksjon barnehage for rettleiing.

Kommunen skal oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) skal sørge for at det blir utarbeida lovpålagte sakkunnige vurderingar. Ørsta kommune er med i eit interkommunalt samarbeid med Volda, Hareid og Ulstein om å tilby PPT, der Ulstein er vertskommune.
For meir informasjon om PPT, sjå Ulstein kommune, Interkommunalt PPT