Slik kan du påverke

Klikk for stort bilete

 

Det er mange ulike måtar du kan påverke og medverke til lokalpolitikken mellom valperiodene.
Her får du fleire tips til korleis:



Politikk: Slik kan du påverke

(Trykk på boksa du vil lese meir om)
Kontakt ein folkevald

Du kan seie det du meiner direkte til dei folkevalde som behandlar politiske saker, under finn du kontaktinformasjon: 

Her finn du møteplan med kontaktinfo til dei folkevalde i Ørsta

Møt opp på gruppemøte

Dei vekene det er kommunestyremøte, har partia kvar sine gruppemøte. Her førebur partia seg på det komande kommunestyremøtet. Om du har ei sak du vil ta opp med eit parti: Kontakt gruppeleiaren. 

Her finn du dei politiske partia og kontaktinformasjon

Gjer deg kjend med sakene dei folkevalde skal behandle

Saksdokumenta til møte i politiske utval, formannskapet og kommunestyret ligg på nett. Kanskje skal ei sak du er spesielt engasjert i behandlast? 

Her finn du møtedokumenta

Ofte vert ei sak først behandla i eit utval og/eller i formannskapet før ho går vidare til kommunestyret. Dess tidlegare i prosessen du engasjerer deg, dess større er sjansen for at du kan påverke. 

Gi høyringsinnspel

Kommunen legg jamleg ut saker til høyring. Både organisasjonar og enkeltpersonar kan uttale seg i høyringane før sakene vert behandla vidare. 

Her finn du saker som er til kunngjering og høyring

Følg debatten i dei politiske møta

Alle politiske møte i kommunen er opne. Unntaket er når det skal behandlast saker som er unnateke offentleg innsyn. Dei fleste møta vert haldne på Ørsta rådhus. 

Her ser du når og kvar dei politiske møta vert haldne

Kommunestyremøta vert direktesende - både live og i opptak 

Fann du det du lette etter?

Kontakt

Inger Johanne Løeng Konsulent politisk sekreteriat
91108618
@ Inger Johanne Løeng
Ingeborg Myklebust Bjørneset Politisk sekretær
90857242
@ Ingeborg Myklebust Bjørneset

Nyhende