Kommunalt tilskot til kulturføremål

Bildet viser ein fiolin. - Klikk for stort bilete


Søknad om kommunalt kulturtilskot (”kulturmidlane”) - Søknadsfrist 21. april 2024.

Søknadar om kommunalt tilskot til kulturføremål søkjer du om i dette felles søknadskjemaet:

Søknadskjema om tilskot til kulturføremål

 

Retningsliner og informasjon:

Festivaltilskot

Krav til det som må vere med i søknaden: Informasjon om festivalen, kontaktinformasjon, samarbeidspartar og målgrupper, inkludering, prosjektomtale og plan, rapport og rekneskapssamandrag for fjoråret, i tilegg til budsjett og finansiering. Sjå Retningliner for tilskot til festivalar, punkt 3.

Retningslinjer for tilskot til festivalar - (PDF, 168 kB) 

Tilskot til idrettsanlegg

Det skal søkjast på førehand med grunnlag i behovsplanar for tiltak som vert gjennomførde i år. Tilskotet vert utbetalt på etterskot utifrå dokumenterte kostnader. Ordninga gjeld ikkje vanlege driftskostnader. 

Retningsliner for tilskotsordninga


Føremål. Ørsta kommune vil ta medansvar for vedlikehaldet av lagseigde idrettsanlegg. Kommunen skal sjå til at tilskot frå spelemidlane vert nytta i samsvar med gjeldande føresetnader og at anlegga vert haldne ved like. Tilskotsordninga er eit middel i dette samarbeidet. Tilskot som utløyser dugnad er ei god ordning vurdert frå kommunen si side.

Søkjarar. Tilskotsordninga er for alle lag/grupper som eig eller driv idrettsanlegg som har fått tilskot frå spelemidlane. Grupper i idrettslaga kan søkje på sjølvstendig grunnlag. Skular eller offentlege institusjonar fell utanfor tilskotsordninga. Dersom leigarar av idrettsanlegg har vesentlege vedlikehaldskostnader, kan desse også søkje tilskot.

Tiltak. Tilskotsordninga opnar for vurdering av ymse kostnader som direkte gjeld vedlikehald og oppdatering av idrettsanlegg, og som seinare kan dokumenterast i søkjaren si rekneskapsføring. Kostnader som fell utanom ordninga er m.a. kommunale avgifter, straum, telefon, forsikring, datautstyr, kontorutstyr, arrangementskostnader, kapitalkostnader/avskrivingar m.m. Vedlikehald av maskiner og "laust" utstyr vert vurdert på fritt grunnlag. 
Planane må omtalast i søknaden på ein slik måte at det i ettertid kan vurderast om føremålet med tiltaket er oppnådd. Dersom det vert søkt på fleire ulike tiltak, bør det brukast søknadsskjema for kvart tiltak.

Kostnader. Det må gjerast greie for kostnadene i planane. Dette kan dokumenterast ved kopi av tilbod frå byggfirma el.l. Det kan også brukast omtrentlege tal, men dette må setjast opp slik at det kan vurderast i høve til røynsle frå andre tiltak. Kostnadene må kunne dokumenterast etterpå, og tilskot vil ikkje bli utbetalt før det vert lagt fram kvitteringar, rekningar o.l. i høve til kva det er søkt om. Betalte arbeidskostnader kan takast med. Dugnadsinnsats vert vurdert på fritt grunnlag.

Søknadssum og finansiering. Dei innkomne søknadene vert vurderte samla i høve til ein tilskotssum som er avsett i kulturbudsjettet. Målsetjinga er at det vert gitt tilskot som er store nok til at det saman med eigeninnsats (dugnad) og anna finansiering kan realisere synleg opprusting av anlegga. Det er difor viktig at søkjarane vurderer totalkostnad og finansiering skikkeleg på førehand.  
Som eit utgangspunkt for finansieringa av faktiske kostnader kan det maksimalt reknast med 30% tilskot frå kommunen (og neppe meir enn kr 10.000,- pr. tiltak). Her skal det også gjerast greie for korleis resten av kostnadene skal dekkjast, t.d. ved eigne midlar, andre tilskot, gåver m.m. Det kan leggjast særskild vekt på finansieringsplanen.

Periode. Tiltaket må vere oppstarta og/eller avslutta i inneverande kalenderår. Tilsegn om tilskot kan ikkje overførast til neste år. Framdrift/ferdigmelding må rapporterast til kommunen seinast 1. november d.å.


 

Tilskot til forsamlingshus

Retningsliner for tilskotsordninga

Føremål. Ørsta kommune vil ta medansvar for forsamlingshusa i kommunen. Dette skjer m.a. gjennom tilskot, rådgjeving og planlegging i samarbeid med eigarar og brukarar. Tilskot som utløyser dugnad er ei god ordning vurdert frå kommunen si side.

Søkjarar. Tilskotsordninga er for alle forsamlingshus og -lokale som frivillige organisasjonar o.l. eig og driv. Det kan krevjast særskild/langsiktig leigeavtale dersom det er andre enn søkjaren som eig det lokalet som skal setjast i stand. 
Offentlege instansar, firma og privatpersonar fell utanfor tilskotsordninga.

Tiltak. Det vert ikkje ytt tilskot til ordinær drift (årlege avgifter, lån/renter, reinhald, vaktmeisterteneste o.l.). Tilskot vil primært bli gitt til bygningsmessige forbetringar og endringar eller andre tiltak som vil ha positiv innverknad på bruken av huset. 
Større rehabiliteringsprosjekt fell utanfor ordninga. Planane må omtalast i søknaden på ein slik måte at det i ettertid kan vurderast om føremålet med tiltaket er oppnådd.

Kostnader. Det må gjerast greie for kostnadene i planane. Dette kan dokumenterast ved kopi av tilbod frå byggfirma el.I. Det kan også brukast omtrentlege tal, men dette må setjast opp slik at det kan vurderast i høve til røynsle frå andre tiltak. Kostnadene må kunne dokumenterast etterpå, og tilskot vil ikkje bli utbetalt før det vert lagt fram kvitteringar, rekningar o.l. i høve til kva det er søkt om. Betalte arbeidskostnader kan reknast med. Dugnadsinnsats vert vurdert på fritt grunnlag.

Søknadssum og finansiering. Målsetjinga er at det vert gitt tilskot som er store nok til at det saman med eigeninnsats (dugnad) og anna finansiering kan realisere synleg opprusting av forsamlingshusa. Det er difor viktig at søkjarane vurderer totalkostnad og finansiering skikkeleg på førehand. 
Som eit utgangspunkt for finansieringa av faktiske kostnader kan det maksimalt reknast med 30% tilskot frå kommunen (og neppe meir enn kr 10.000,- pr. tiltak). Her skal det også gjerast greie for korleis resten av kostnadene skal dekkjast, t.d. ved eigne midlar, andre tilskot, gåver m.m. Det kan leggjast særskild vekt på finansieringsplanen.

Periode. Tiltaket må vere oppstarta og/eller avslutta i inneverande kalenderår. Tilsegn om tilskot kan ikkje overførast til neste år. Framdrift/ferdigmelding må rapporterast til kommunen seinast 1. november d.å.


 

Kulturmidlar som blir tildelt etter Prinsipp for delinga av kulturmidlane i Ørsta kommune

Hugs å legg ved årsmelding og rekneskap i søknadskjema.

Til rettleiing 

Kommunen kan yte tilskot til søkjarar som driv ulike former for kulturarbeid.

  1. Lag må i søknaden vise at det står ansvarlege styremedlemmer bak. Det vert ikkje gitt tilskot til undergrupper dersom det også ligg føre søknad frå hovudlaget.
  2. Det må gå klart fram av søknaden at det gjeld kulturføremål og ikkje føremål som kjem inn under andre kapittel i offentlege budsjett (t.d. undervisning, sosiale føremål).
  3. Det vert ikkje gitt tilskot til politiske parti, som får særskilde statstilskot.
  4. Hovudprinsippet er at føremålet skal kome flest mogleg i kommunen til gode. Stønad vert difor først og fremst gitt til lag og personar, eller til ekstra tiltak som kan fremje kulturverksemda i kommunen.
  5. Det vert berre ytt tilskot til tiltak og lag/organisasjonar som har klar tilknyting til Ørsta kommune (evt. felles for Ørsta/Volda), eller som kjem desse til gode.
  6. Det vil verte lagt vekt på kva for eigeninnsats søkjaren/lagsmedlemmene sjølve står for, t.d. ved medlemskontingent, aktivitetsavgifter, dugnad m.m.
  7. Dersom det går fram av søknad/rekneskap at søkjaren gir tilskot til andre føremål, vil omfanget av dette vere avgjerande for om søkjaren skal få tilskot eller ikkje.
  8. Nyskipa lag kan få særskild vurdering i form av oppstartingstilskot. 

Prinsipp for deling av kulturmidlane i Ørsta kommune

Gjeldande Prinsipp for deling av kulturmidlane i Ørsta kommune er frå 2004, og den gong «fagutvalet for oppvekst og kultur legg desse prinsippa til grunn for deling av tilskot til kulturføremål (post 1.55.10.342), også kalla «kulturmidlane».

Generelt sett gir ordninga administrasjonstilskot.

  1. Som følgje av den reelle nedgangen i kulturmidlane, vil fagutvalet måtte tilgodesjå enkelte søkjarar framfor andre, sjølv om søkjarane yter verdfullt kulturarbeid o g har fått tilskot tidlegare år.
  2. Fagutvalet vil prioritere arbeid og tiltak for barn og ungdom og grupper av funksjonshemma.
  3. Lag og organisasjonar der dei fleste av medlemane er vaksne personar som deltek som del av eigen hobby eller fritidssyssel, kan ikkje vente likeverdig prioritet med t.d. barne og ungdomsarbeid.
  4. Fagutvalet vil ta omsyn til omfanget av kulturarbeid i høve anna verksemd i organisasjonen.
  5. Føremål som kjem inn under andre offentlege budsjettkapittel fell utanfor kulturmidlane.
  6. Dersom det går fram av søknad/rekneskap at søkjaren sjølv gir tilskot til andre føremål, kan dette verte avgjerande for om søkjaren skal få kulturmidlar eller ikkje.
  7. Det vert berre ytt tilskot til tiltak og lag/organisasjonar som har klår tilknyting til Ørsta kommune (evt. felles for Ørsta/Volda), eller som kjem desse til gode.
  8. Det vil verte lagt vekt på, og samanlikna med andre, kor stor sjølvfinansiering søkjaren har. I dette ligg det også ei vurdering av kva eigeninnsats søkjaren/medlemane sjølve står for, t.d. ved medlemskontigent, aktivitetsutgifter, dugnad m.m.
  9. Nyskipa lag kan få særskild vurdering i form av oppstartingstilskot.
  10. Årsmelding og rekneskap skal vedleggast, så sant det ikkje ligg føre rimeleg grunn for fritak.
  11. Det vert ikkje gitt tilskot til undergrupper dersom det også ligg føre søknad frå hovudlaget.
  12. Det vert ikkje gitt eige driftstilskot frå kulturmidlane til forsamlingshus/lokale eller idrettsanlegg. Tilskot til vedlikehald av forsamlingshus og idrettsanlegg har eigne budsjettpostar med eigne retningsliner. Ved handsamling av søknad om kulturmidlar kan det likevel leggjast vekt på kostnader med hus/lokale/anlegg som del av den samla verksemda til søkjaren, m.a. ved samanlikning med andre søkjarar i same delingsgruppa. Derfor spør søknadsskjemaet også om slike kostnader. Dette gjeld også kostnader med kurs/utdanning (som tidlegare vart vurdert i høve til ordninga med tilskot til leiarutdanning, og som er nullstilt f.o.m. 2000)
  13. Det vert ikkje tildelt mindre tilskot enn kr. 500,-
  14. Medlemstalet til søkjarane er åleine ikkje eit avgjerande grunnlag for tildeling av tilskot.
  15. Det kan brukast behovsprøving i høve til eit samla søknadsgrunnlag for aktuelle søkjarar
  16. Søknader som kjem inn etter fristen får ikkje tilskot ved den ordinære delinga. Enkeltsøknader og ymse prosjekt/tiltak kan vurderast på fritt grunnlag elles i året. Søknader som ikkje avvik frå eller endrar prinsipielle sider ved tilskotsordninga kan handsamast administrativt med kr. 2000,- som øvre tilskotsgrense.»

     

 

Open søknad

Vi tar imot opne søknadar; dette gjeld søknadar som ikkje fell under dei andre ordningane. Du sende denne inn via fellesskjemaet. 

For meir informasjon ta kontakt med Ingvild Endal.

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal