Motorferdsel i utmark

Motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forbudt. Det gjeld likevel nokre unntak heimla i lov og forskrift. Kommunen har vidare heimel for å gje løyve til konkrete føremål som ikkje er knytt til turkøyring og ikkje kan dekkjast på annan måte.

Med motorferdsel meiner ein bruk av køyretøy, båt, luftfartøy eller anna flytande eller svevande fartøy drive med motor.  Du må søkje om løyve for å bruke motorfartøy eller luftfartøy, det inkluderer også landing og start med helikopter, fly og bruk av snøskuter. Søknad må vere skriftleg og godt grunngjeven. Ein må pårekne noko tid til sakshandsaming.

Det gjeld eige lokalt forbod om bruk av vass-scooter i ferskvatn i Ørsta.
 

Kontakt

Magnar Selbervik miljøvernrådgjevar
48166679
@ Magnar Selbervik