Kva gjer vi?
- Vaktmeisterteneste.: lettare hagearbeid/rydding (plenklipping, beskjæring av hekk og tre og bortkøyring av hageavfall)
- Snømåking/rydding
- Lettare flytteoppdrag
- Dekkskift
- Maleoppdrag (innandørs og utandørs)
Eventuelt andre oppdrag etter avtale. Timepris kr 300. For større eller meir langvarig arbeid kan vi avtale pris etter avtale. Vi tilbyr faktura og/eller Vipps.
Aktivitetsplikt
1. januar 2017 innførte NAV vilkår om aktivitet (aktivitetsplikt) ved tildeling av økonomisk stønad til personar under 30 år. Føremålet med aktivitetsplikta er å styrke den enkelte si moglegheit for overgong til arbeid eller utdanning. Kommunane har ei plikt til å ta i mot personar på aktivitetsplikt og gi desse eit tilbod, her har Småjobbsentralen ein viktig rolle i Ørsta kommune. Les meir
Kommunal utlånssentral
Småjobbsentralen tok våren 2019 over drifta frå Frivilligsentralen, og har no utvida tilbodet om utlån av friluft- og vinterutstyr.
Småjobbsentralen: Utlånssentral
Kven er dette for?
- Dette er eit tilbod for alle born og vaksne i alle aldrar.
- Det er også eit tilbod til skulane, vi stille med utstyr til turar og om det elles skulle være behov.
Kva lånar vi ut?
- Vi lånar ut langrennskipakkar for voksen og born (Sko, ski og stavar)
- Utlån av ein lavvu (14 person)
- Bålpanne
- Syklar i dei fleste størrelsar + hjelmar (voksen og born)
- Diverse friluftsutstyr (fiskestang, teleskopgaflar, speidarknivar etc)
- Skøyter i størrelsar opp til 43 + hjelmar
- Truger (Voksen)
Opningstider
- Det er mogleg å ta kontakt med Småjobbsentralen i deira arbeidstid for å låne utstyr, måndag-fredag mellom kl. 08.30 og 15.00.
- Småjobbsentralen er å nå på telefon ved Anneth-Olinn Lianes 90735122 eller Stine Terese Vatne Riise 90254673 eller på Facebooksida vår Småjobbsentralen Ørsta.