Digitale kommunikasjonsverkty for å halde kontakta med bebuarar på sjukeheim

Sjukeheimane i Ørsta kommune har no fått på plass ulike digitale kommunikasjonsverkty for å hjelpe brukarar og pårørande slik at dei kan halde kontakt med kvarandre. 

Det er ikkje høve til å sende private bilete eller private meldingar sidan det er fleire som har tilgang til ein appbrukar på sjukeheimen. Men ein kan sende fine bilete av natur eller bygda vår som ein tenkjer er greitt at alle kan sjå.

Dei fleste av våre brukarar har behov for litt assistanse til å handtere og forstå eit nettbrett og pårørande må difor vere merksam på at det vil vere tilsette i nærleiken under samtalen. Det kan og vere at det vil vere andre brukarar i nærleiken, og vi minner difor om den moralske teieplikta. 
 

Korleis skal pårørande kome i kontakt:

Pårørande som ønskjer ein videosamtale med sine, skal først ringe til avdelinga og avtale samtale slik at tilsett kan ringe opp pårørande saman med brukar.

Institusjonane har sett av desse tidsromma til samtaletid med pårørande:

Kl. 13.00-14.30 og 16.00-18.00.

Det kan sjølvsagt gjerast unntak frå desse tidsromma dersom det er noko som hastar eller er viktig å få gitt beskjed om.


Ulike løysingar på institusjonane

Det er ulike løysingar på institusjonane, ring avdelinga og hør kva som er tilgjengeleg. Telefonnummer til dei ulike institusjonane finn du under.

Nettbrett: Nyttar WhatsApp. For at dei skal ringe til deg må du ha WhatsApp installert (last ned her), opprette ein brukar og avdelinga må få ditt telefonnummer som dei kan ringe til. Denne kan nyttast av både Android og iPhone smarttelefonar og på nettbrett med SIM-kort (ikkje iPad). Dei vil då ringe deg opp innanfor det avtalte tidsrommet.

iPad: Nyttar FaceTime. Du må då ha ein iPhone eller ein iPad for å kome i kontakt. Avdelinga må då få din icloudbrukar eller mobiltelefonnummer som dei kan ringe opp til. Dei vil då ringe deg opp innanfor det avtalte tidsrommet.

KOMP:  Der må du motta ein invitasjon frå administrator for å laste ned appen og ein kode for å kome i kontakt med KOMP-en. Du kan då ringe opp KOMP-en etter å ha avtala eit tidspunkt for dette med avdelinga. Rettleiing: korleis ta i bruk KOMP. 

 

Telefonnummer til:

  • Solkroken     700 48 840
  • Buavdelinga  700 48 860
  • Bakketun    700 48 830
  • Korttidsavdelinga  700 48 820
  • Vartdal Helsetun     700 45 000
  • Hjørundfjordheimen  700 45 750