Torgplassar

Ørsta kommune har eigne torgplassar i Webjørn Svendsen gate ned mot sjøen. Dette er Ørsta Torg og Havtor Hovdens plass. Straumuttak er der på kunsthuset for Havtor Hovdens plass og på pumpehuset for Ørsta torg.

Ein må tinge plass, det gjere ein med å melder i frå på e-post til ab@orsta-nk.no på førehand. Det kan vere fleire som ynskjer plass same dag, då er det fyrst til mølla prinsippet som gjeld. Lån av plass er gratis, Ørsta kommune føreset at dei som driv verksemder som treng offentleg løyve har dette i orden. Det er også muleg å få tildelt enkeltplassar i gågata etter avtale. Dersom strumtilkobling skal nyttast må det avtalast.

Vi gjer merksam på at Ørsta Torg er mest nytta til parkering. Leigetakar bør difor møte opp tidleg den dagen han skal nytte plassen. Kommunen tek ikkje ansvar for å fjerne bilar som er parkerte på å torgplassen.

Har du spørsmål ang. torgplassar kontakt Ørsta næringskontor tlf. 91185762 eller e-post ab@orsta-nk.no.
 

 

Det er muleg å få tildelt enkeltplassar i gågata etter avtale. Ingvild Marie Taraldset

Kontakt

Anne-Britt Aambø Hallaråker Ørsta Næringskontor
91185762
@ Anne-Britt Aambø Hallaråker