Meddommar og skjønsmedlem

Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ei rettssak på lik linje med domstolen sine eigne dommarar (fagdommarar).

Eit skjønsmedlem er ei type sakkunnige meddommarar, som deltek både i tingretten, jordskifteretten og lagmannsretten i rettslege skjøn og overskjøn. 

Meld di interesse 

Korleis bli meddommar eller skjønsmedlem?

Kvart fjerde år vel kommunen nye meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten. I tillegg til skjønsmedlem. Valet blir gjennomført året etter kommune- og fylkestingvalet.

Meld di interesse, send inn dette skjema.

 

Kva gjer ein meddommar?

Ein meddommar deltar i rettsmøta på lik line med fagdommar og er med på å vurdere om den tiltalte i ei straffesak er skuldig og kva slags straff vedkomande eventuelt skal få. Meddommarane sit saman med den juridiske fagdommaren, og lyttar til det partane fortel i retten. Ein meddommar kan også stille spørsmål.

Meddommarar deltar i straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane. Dei er også med på å avgjere tvistar i sivile saker, dersom partane krev det. Ei sak kan vare frå ein halv dag til over fleire veker.

Ein jordskiftemeddommar deltar i saker i jordskifteretten. I skjønnssaker deltar skjønnsmedlemmer. I arbeidslivssaker deltar arbeidslivskunnige meddommarar.

Kva gjer eit skjønsmedlem?

Skjøn blir mest brukt i samband med ekspropriasjon og når område blir verna etter lov om biologisk mangfald. Skjøn kan òg brukast i samband med erstatning etter naturskade. Skjønsmedlemmene skal alltid utgjere fleirtalet målt mot talet på fagdommarar. Skjønsmedlemmene blir utnemnde av fylkeskommunen etter forslag frå kommunane. Det er ingen øvre aldersgrense for å bli utnemnd.

 

Kven kan bli meddommar eller skjønsmedlem?

Du må

  • snakke og forstå norsk, og elles vere personleg eigna til oppgåva
  • ha fylt 21 år og vere under 70 år når du blir vald (den øvre grensa på 70 år gjeld ikkje for skjønsmedlem)
  • ikkje vere frådømd stemmeretten
  • ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene
  • stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen når valet blir gjennomført
  • vere norsk eller nordisk statsborgar, eller ha stått registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra
  • ikkje vere dømd for visse straffbare forhold

Kven som kan vere meddommar er regulert i domstollova kapittel 4.

Skjønsmedlem må ha kompetanse knytt til ein av kategoriane: 

  • Landbruk
  • Skogbruk
  • Arealplanleggar
  • Eigedomsutviklar
  • Entreprenør
  • Arkitekt
  • Meklar
  • Takstmann
  • Revisor/økonom
  • Fast eigedom
  • Reindrift
  • Anna (spesifiser i skjema)
Kven kan ikkje vere meddommar eller skjønsmedlem?

Nokre yrkesgrupper kan ikkje vere meddommar, mellom anna stortingsrepresentantar, tilsette i Justisdepartementet, påtalemakta og politiet, eller praktiserande advokatar. 

Nokre straffereaksjonar fører også til at du ikkje kan vere meddommar.

 

Kva vil det seie å vere meddommar?