Landbruk

Ansvaret for den kommunale landbruksforvaltninga ligg til Landbrukskontoret. Kontoret er organisatorisk lagt til seksjonen Kultur og næring. Landbrukskontoret er førstelinekontakt mot bønder, skogeigarar, grunneigarar og næringsdrivande. Kontoret skal bidra til å gjennomføre den til ei kvar tid gjeldande mat- og landbrukspolitikken som Stortinget vedtek. Kontoret er felles for Ørsta og Volda.

Landbrukskontoret skal hjelpe til med å utvikle eit bærekraftig og miljømessig godt drive landbruk. I tillegg til sysselsetting og inntekter i landbruket skal vi og ta i vare interesser i høve ålmenta. Gjennom rettleiing, planlegging og sakshandsaming innan jord- og skogbruk er det ei måsetjing at forbrukarane vert sikra trygge matvarer av god kvalitet, produsert på ein forsvarleg måte.

I det daglege er målgruppa bønder, skogbrukarar, grunneigarer, andre næringsdrivande og nyetablerarar. I Ørsta er det om lag 190 aktive jordbruksføretak. Jordbruket i Ørsta er grovfôrbasert og hovudproduksjonane er mjølkeproduksjon og kjøtproduksjon på storfe, svin og sau. Matproduksjonen er stor og årleg produserer næringa i Ørsta om lag 10 millionar liter mjølk og 700 tonn kjøt. Vi har og ei aktiv pelsdyrnæring. Landbrukskontoret formidlar årleg om lag 44 mill. kr. gjennom ulike tilskotsordningar til landbruksnæringa i Ørsta, og kontoret yter hjelp til utvikling både innanfor primærproduksjonane og i tilleggsnæringar.

Kontakt

Liv Bente Viddal tenesteleiar
90704008
@ Liv Bente Viddal
Børild Skåra rådgjevar
90699240
@ Børild Skåra
Peder Magnussen skogbruksansvarleg
45282680
@ Peder Magnussen
Jan Endre Nesdal rådgjevar
90255815
@ Jan Endre Nesdal
Guro Sterud Stutlien konsulent
90704501
@ Guro Sterud Stutlien
Oddhild Kalvatn konsulent
90723453
@ Oddhild Kalvatn