Du kan søkje om permisjon frå skulen i inntil to veker (ti skuledagar). Det er rektor ved skulen som eleven er elev ved som behandlar søknaden. Skulen kan velje å ikkje godkjenne søknaden sjølv om det er forsvarleg å gje eleven fri.
For periodar utover to veker må føresette søkje om fritak frå opplæringsplikta eller ta barnet ut av skulen for foreldrebasert heimeundervising.
Søk i god tid, helst tre veker før. Skulen må rekke å behandle søknaden din før den planlagde permisjonen.
Dersom du har fleire barn må du sende inn ein søknad for kvart barn.