Alle barn og unge har både rett og plikt til grunnskuleopplæring frå det kalenderåret dei fyller 6 år og til dei har fullført det tiande skuleåret. Rett til grunnskuleopplæring vil seie at alle barn og unge har krav på å få opplæring på ein offentleg grunnskule. Plikt inneber at elevane må delta i grunnskuleopplæring, men ikkje nødvendigvis på ein offentleg skule. Føresette kan òg velje ein privat skule eller heimeundervisning, altså slik at foreldre underviser eigne barn heime.
(Opplæringslova § 2-1 og § 2-13)