Gradert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt
Frå 1. mai 2015 skal ingen hushald betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Foreldrebetalinga er også avgrensa av maksimalprisen, som i 2021 er 3 230 kroner per månad. Det er hushaldet si brutto inntekt som vert lagt til grunn. Skattefrie inntekter skal ikkje inkluderast.
Som eit hushald reknar ein ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar. Sambuarar er to ugifte personar over 18 år som bur i lag, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av de siste 18 månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
Meir informasjon om ordninga finn du på utdanningsdirektoratet sine heimesider: Foreldrebetaling