Grunnskule
Du treng vitnemål frå grunnskulen for å kunne begynne på vidaregåande opplæring. Som vaksen har du rett til grunnskuleopplæring og opplæring i grunnleggande ferdigheiter. Ta kontakt med Ørsta opplæringssenter.
Vidaregåande
Du treng vidaregåande opplæring om du skal ta høgare utdanning. Du kan også utdanne deg direkte til eitt yrke. Om du er 25 år eller eldre og har fullført grunnskule, men ikkje vidaregåande, har du rett til vidaregåande opplæring, gratis.
Rådgjeving
Er du usikker på kva du treng og kva du har å byggje på? Du kan få hjelp til å finne det ut. Både på NAV og i kommunen (Ørsta opplæringssenter) finn du rådgjevarar som kan hjelpe deg vidare.
Informasjon til vaksne med behov for opplæring: