AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Retningslinjer for besøk på sjukeheimar 

Klikk for stort bilete
Desse retningslinjene gjeld ved Ørstaheimen, Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen. I tråd med dei nasjonale råda, går me tilbake til besøksretningslinjene me hadde før 26. mars.


Dette må du hugse når du skal på besøk på sjukeheimen:

  • Besøk avtalast med avdelingsleiar, avtale kan gjerast same dag unntatt for helg då må det avtalast seinast fredag. Avtale må gjerast mellom kl. 10.00 - 14.30.
  • Besøk skal fortrinnsvis føregå mellom kl. 11.00 - 18.30. Besøkslengd inne og ute bør avgrensast til 1 time.
  • Du må vere frisk når du kjem
  • Ha god handhygiene
  • Unngå å klemme
  • Hald ein meters avstand
  • Bebuaren bør ha få på besøk om gongen

Besøk til heimen eller biltur kan gjennomførast viss smittevernreglar kan følgast, det er forventa at ein person då må ha tettare kontakt enn 1 m for å hjelpa bebuar. Me ynskjer ikkje at bebuar skal delta i større samlingar, dra på kafe etc.

Kjem besøkande frå kommune med strengare tiltak enn Ørsta, skal retningslinjer i heimkommune følgast. Me minnar om at fullvaksinerte både kan bli smitta og føre smitte vidare!

Dersom du etter besøket får påvist Covid-19 smitte eller vert definert som nærkontakt til smitta er du pliktig til å melde frå til institusjonen om dette.

Mvh

Linda Gramshaug Fonseca
Sjukeheimslege

Marte Vaage Øie
Kommuneoverlege

Kontakt

Ingrid Mork einingsleiar
70 04 88 42
@ Ingrid Mork
Dagrun Opsal einingsleiar, korttidsavdelinga
70 04 88 22
@ Dagrun Opsal
Kyrre Skavøy einingsleiar
70 04 88 32
@ Kyrre Skavøy
Lisa Mari Korsfur Silseth Einingsleiar Buavdelinga
70048862
Vartdal helsetun hovudnummer
700 45 000
Hjørundfjordheimen hovudnummer
70045750