Aktivitetssenteret Bakk-Ola-marka

Kontaktinformasjon: Dagleg leiar, Sissel Andersen tlf 700 45 400
Adresse: Anders Hovden gt. 27, 6150 Ørsta
Opningstid: Kvar vekedag kl 10.30 - 14.30. 

Aktivitetssenteret på Bakk-Ola marka er ein møteplass for pensjonistar og andre som har ynskje om ein treffplass på dagtid. Senteret driv ymse aktivitetar og kafeen er open for alle kvar vekedag frå kl 10.30-14.30, sjå elles annonse i Møre-Nytt kvar laurdag.

 

Kafeen er treffplassen

- Gjerne over ei kaffikopp, og dei fleste aktivitetane går føre seg der. Salen kan delast ved behov, og vi har alltid plass både for aktivitetar og for dei som "berre" vil på kafe. I kafeen serverer vi sjølvlaga middag tysdag og fredag, og torsdagar får vi ball frå Ørstaheimen. Måndag og onsdag er det oftast litt enklare varmmat, som suppe, pizza el.l.

Elles har vi gode, heimelaga kaker, svele, pizza, rundstykke og anna til ein overkomeleg pris.

 

Faste aktivitetar:

  • Bingo - tysdag kl 11.00 til ca 13.00
  • Trim – onsdag og fredag 11.30 - 12.00
  • Andakt -  torsdag ein gong i månaden kl 11.00
  • Quiz - kvar torsdag kl 12.30

Underhalding arrangerer vi om lag ein gong i månaden.  Dette kan vere lokale krefter, eller musikarar/underhaldarar  frå andre stadar. Honorar vert dekt gjennom Den Kulturelle Spaserstokken.
 

Andre tilbod:

  • Frisør
  • Fotpleie: Bestilling i tlf 90 58 99 56
  • Sal av batteri: Laget for hørselshemma, kvar fredag frå kl 12 til kl 14.

Det vert arrangert ymse andre tilbod. Av kurstilboda kan vi nemne 65+kurs for vaksne sjåførar.

 

Lokale til leige

Lokala kan leigast av private, lag og organisasjonar og vi kan servere mat. Vi tek og imot bestillingar på kaker, rundstykke og anna

Fant du det du lette etter?