Psykisk helseteneste

Teneste for psykisk helse skal ha fokus på at mennesket i størst mogleg grad skal kunne meistre sitt eige liv og oppleve verdigheit. Tenesta skal bidra til å skape gode livsvilkår for menneske som har behov for psykisk helsehjelp ved å formidle tru på betring, moglegheit til å ta eigne val og påverke eige liv.
 

 

 

Psykisk helseteneste

Kven kan få tenesta: 

Menneske som bor og midlertidig oppheld seg i kommunen, primært over fylte 18 år:

  • Menneske med langvarige og samansette behov for psykisk helsehjelp
  • Menneske som er i ei livskrise eller ein sterkt belasta livssituasjon
  • Pårørande til menneske i målgruppa
Kva inneheld tenesta:

Individuelt tilpassa teneste etter enkeltvedtak på bakgrunn av eigensøknad.

Eksemplar på innhald i tenesta kan vere:

  • Førebyggande arbeid
  • Koordinering av tenester, utarbeiding av individuell plan
  • Støttesamtalar
  • Kartleggingsarbeid
  • Nettverksbygging
  • Aktivisering
  • Strukturering av kvardagen
Kva kan du som brukar forvente av oss:
  • Respekt og tillit
  • Taushetsplikt
  • Faste kontaktpersonar så langt det let seg gjere
  • Kontakt innan tre veker etter mottatt søknad
  • Vi held avtalar
Kva vi forventar av deg som brukar:
  • Eigendefinert ønske om hjelp
  • Avtalar blir haldt
  • Gir beskjed i god tid dersom du blir forhindra i å møte
Kva kostar det:

Tenesta er gratis

Praktiske opplysningar:

Vi er inndelte i to team:

  • nokre har arbeidstid frå kl 0800 – 1600 alle kvardagar
  • nokre jobbar i turnus og har arbeidstid frå 0800 – 1530 og 1430 – 2200 alle dagar.
Samarbeidspartnarar:
  • Fastlege
  • Spesialisthelseteneste (DPS, ambulante team, med meir)
  • Heimebaserte tenester
  • NAV
  • Helsestasjon/skulehelseteneste
  • Oppvekst- og kultursektor
  • Pårørande
  • Andre instansar det er naturleg å samarbeide med.
Kven kan søke:

Du kan få denne tenesta etter tilvising frå lege, sjukehus og liknande, eller ved å ta direkte kontakt med tenesta. Bruk kommunen sitt søknadsskjema. 

Etter tilvising og individuell vurdering vert det gjort eit vedtak som inneheld opplysning om kva tenesta skal omfatte. 

Dersom du vil klage er fristen 3 veker etter du mottok vedtaket. Klaga skal sendast til den eininga som har gjort vedtaket og handsama i den kommunale klagenemnda. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert klaga sendt til Helsetilsynet i Møre og Romsdal.

 

For meir informasjon kontakt:

Servicekontoret: 700 49 700, be om å få snakke med Teneste for psykisk helse
Tenesta held til i Viketunet: Berte Kanuttevegen 4
Postadresse: Servicekontoret, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Knut Åmås Seksjonsleiar Helse og velferd
70049869
@ Knut Åmås
Joanne Leigh Aarseth Einingsleiar Psykisk helse
99495111
@ Joanne Leigh Aarseth

Nyhende