Kven kan få tenesta:
Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse-og omsorgstenestelova, kan du ha rett på koordinator og individuell plan.
Med dette meiner ein at dersom du har to eller fleire helse-og omsorgstenester over tid som det er behov for å samordne, kan du har rett på å få utnemnt ein koordinator.
Kva kan du forvente:
Når du får utnemt ein koordinator vil vedkomande vere bindeleddet mellom deg og tenesteapparatet. Og vidare legge til rette for samordning og samarbeid i tenestetilbodet ditt. Koordinator vil ha eit ansvar for å drive fram arbeidet med ein individuell plan dersom ein ynskjer å ha det.
Korleis kan du få tenesta?
Du kan vende deg til Koordinerande eining ved tildelingskontoret. Ein vil saman med deg og evt tenesteytarar kartlegge ditt behov for koordinator
Sjå også:
Individuell plan