Tilrettelegging for rednings- og slokkemannskap

Tilkomst

Feilparkerte bilar, bommar og andre hindringar er ofte eit hinder når utrykkingskøyretøy skal fram på akutte hendingar. Dårleg framkommeleg heit kan i verste fall koste liv.

Følgjande skal leggast til grunn ved prosjektering i Ørsta kommune.

Feilparkerte bilar, bommar og andre hindringar er ofte eit hinder når utrykkingskøyretøy skal fram på akutte hendingar. Ørsta brann og redning

 

Generelt

  • Parkering på tilkomstvegar er ikkje tillat. Dette skal merkast tydeleg.   
  • Tersklar som fortauskantar skal ikkje overstige 15 cm.   
  • Oppstillingsplass må tole belastning av køyretøya og punktlaster frå stigebilen
Skilt som viser Oppstillingsplass for brannbil med mål på bredd og lengd - Klikk for stort bilete
Brann og redning - egenskaper på køyretøy
Kriteria Mannskapsbil Tankbil Stigebil
Køyrebredde 3 meter 3 meter 3 meter
Fri Køyrehøgde 4 meter* 4 meter* 4,5 meter*
Svingradius ytterkant veg **** **** ****
Svingradius innerkant veg **** **** ****
Oppstillingsplass 5 x 10 meter 5 x 10 meter 6 x 12 meter
Aksellast drivaksel 8 tonn*** 11,5 tonn** 11,5 tonn*
Aksellast foraksel
Aksellast boggi
Maks punktlast støttebein 19 tonn
Maks stigning/helling på oppstillingsplass 1:20 (5%) 1:20 (5%) 1:20 (5%)
Maks stigning tilkomstveg 1:8 (12,5% - 7 gradar) 1:8 (12,5% - 7 gradar) 1:8 (12,5% - 7 gradar)
Tillatt totalvekt 16 tonn 27 tonn 19 tonn

*Av hensyn til eventuell snøv bør større høgde vurderast.
**Innanfor vanleg vegtype Bk10.
***Innanfor vanleg vegtype Bk8.
****Køyreveg skal utformast og dokumenterast med sporingskurve for lastebil (L) iht. Statens vegvesens handbok N100, sjå vedlegg: Sporingskurver.


Bomveg

Brannbil hindra av bom - Klikk for stort bilete

Er det bom over tilkomstvegen er det viktig at ein får avklart korleis ein løyser dette. Ein skal derfor ta kontakt med brannvesenet for å avklare korleis ein løyser dette ved ein akutt situasjon. Det kan vere enkle løysingar nøkkelboks, telefonstyring eller andre løysingar.

For telefonisk styrte bommar skal desse registrerast med naudsentralen på www.110-sentralen.no/skjema. Ved å gjere dette vert bommane tilgjengelege både for brannvesenet og ambulansen direkte i deira køyretøy.

Tilkomst for stigebil, det vil sei kor nær bygget og til kor mange fasadar, vil avhengige av bygninga sin størrelse og bruk, minst 3, meter frå fasaden eller utstikkande element. Tilkomst bør derfor avklarast med brannvesenet tidlegast muleg i prosjekteringsfasen. Stigebilen vår på 30 meter vert dimensjonerande vedrørande rekkevidde.

 

Vassforsyning utandørs

Slokkevassforsyning kan vere komplisert. For å ivareta dei mest generelle funksjonskrava i TEK17 har vi utdjupa nokre av forskriftskrava.   

  • Brannkum/brannhydrant skal plasserast innanfor 25-50 meter frå hovudangrepsveg (hovudinngang).  Slangeutlegg frå vassuttak til bil og frå bil til angrepsveg målast i brøyta veg.   
  • Nok brannkummar/brannhydrantar til å dekkje alle delar av byggverket. Maks 100 meter slangeutlegg. 50 meter frå kum/hydrant til brannbil og 50 meter frå inngangsdør/port inn til brannen.   
  • Om slokkevassuttaket er nærare enn 25 meter frå bygget må det vurderast om uttaket er tilstrekkeleg beskytta mot strålevarme og potensielt nedfall frå fasade eller tak.   
  • Brannkum/brannhydrant må plasserast godt synleg frå angrepsveg og slik at det er lett tilgjengeleg, også på vinterstid.   
  • Brannkum må merkast tydleg med kumskilt på stolpe eller fasade i umiddelbar nærleik.
  •    Bildet viser brannkum og skilt. - Klikk for stort bileteKlikk for større bilde. Ørsta brann og redning  
  • Brannkum må plasserast på areal som ryddast for snøv vinterstid og som ikkje er biloppstillingsplassar eller liknande.   
  • Brannkumventil må plasserast slik at den er mulig å betene med brannvesenets materiell. Det betyr at uttaket i kum må plasserast slik at ein får kopla på stender utan at ein kjem i konflikt med kummen og samtidig får tilgang ned i kummen ved behov.

 

Slokevassuttak på private vassleidningar

Vassleidningsnettet til private er det ikkje kommunen som prosjekterar. Utføring, merking, vedlikehald og brøyting kan derfor variere. Dei helder kjem ikkje alltid fram av kommunen sine kart. Sløkkevassuttak tilknytt private vassleidningar bør derfor utførast som brannhydrantar.

 

Sløkkevassuttak med avgrense vassmengd

Sløkkevassuttak med avgrensa vassmengd, for eksempel uttak koplet til vassbasseng, tank el. skal merkast tydelig med tilgjengelige vassmengde og trykk.

Prosjekterande for prosjektet må sjå til at løysinga som vert velt vert den beste for det konkrete anlegget. Punkta over er meint som betraktningar frå brannvesenet si side som brukar av desse funksjonskrava og gir konkrete kriterie basert på Ørsta brann og redning sitt faktiske utstyr.