Pensjon

Pensjon er eit samleuttrykk for ei rekke offentlege og private ytingar som har det til felles at dei skal gje kompensasjon for bortfall av arbeidsinntekt eller mangel på slik inntekt enten ved varig yrkeshemmande sjukdom eller ved oppnådd avtalt alder.

Det norske folketrygdsystemet dekkjer behov i dei fleste livsfasar. Som pensjonsordning dekkjer det alder ved alderspensjonen og uførepensjonen om ein vert ufør. Dei offentlege pensjonane vert administrerte av Folketrygda. For å få full alderspensjon i Noreg krevst det at ein har budd i Riket i 40 år frå og med det kalenderåret ein fylte 17 år. Ordinær pensjonsalder er 67 år.
 
 
Tenestepensjonar vart først innført for offentleg tilsette, og tilsvarande ordningar finst i mange private bedrifter. Tenestepensjonar med skattefordel kan vera foretakspensjonar (ytingspensjonar) eller innskotspensjonar, og betalast ut frå fylte 67 år. Etter innføringa av obligatorisk tenestepensjon (OTP) i 2006, vil dei aller fleste få utbetalt ein viss tenestepensjon. Dei fleste nye tenestepensjonsordningane oppretta etter innføringa av OTP, er innskotspensjonar.
 
 
Ei anna ordning er Avtalefesta pensjon (AFP), som vert finansiert i fellesskap av arbeidsgjevarane og staten. AFP vart først innført i 1989 med pensjonsalder 66 år. Pensjonsalderen vart gradvis seinka og er i dag 62 år.
 
Særaldersgrenser for særskilde yrkesgrupper gjev òg høve til pensjonering før fylte 67 år.
Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 04.01.2018
Fann du det du lette etter?