Ambulerande skjenkeløyve
Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikke i lukka selskap, må du søke kommunen om ambulerande skjenkeløyve. Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, det må vere ei lukka gruppe jamfør defininsjnen i alkohollova. Gjestane kan ikkje vere inviterte gjennom annonsar, plakatar eller sosiale medium. I slike tilfelle må du i staden søkje om skjenkeløyve for einskildhøve.
Sjølv om du ikkje tek betalt for drikka, er det løyveplikt for skjenking av alkohol på følgjande stader:
- Serveringsstader
- Lokale som vanlegvis er tilgjengelege for alle
- Forsamlingslokale og andre felleslokale
- Stader der offentlege møte, festar, utstillingar eller anna finn stad
- Gate, torg, veg, park eller andre offentlege plassar
- Transportmiddel som vanlegvis er tilgjengelege for alle
Skjenkeløyve ved einskildhøve
Skal du arrangere festival, konsert eller anna klart avgrensa arrangement som er ope for publikum og servere alkoholhaldig drikke, må du søke kommunen om skjenkeløyve.
Dersom arrangementet blir halde i eit lokale som alt har skjenkeløyve, treng du ikkje å søkje.