AKTUELT NO:

Ørsta-album

Det har hittil kome ut 15 Ørsta-album, der bileta er sett saman i ulike tema, som viser livet i Ørsta før og no.

Bileta i albuma er lånt frå privatpersonar, avisa Møre-Nytt eller henta frå kommunen sitt eige arkiv.

I kvart album er der eit omfattande personregister som gjer det lett å finne fram. Ørsta-album er geografisk avgrensa til det som tidlegare var Ørsta kommune før samanslåinga med Vartdal og Hjørundfjord.
Aktive sogelag i bygdene i heile kommunen gir ut gode årsskrift og sikrar på den måten både fotografi og tekst for ettertida.
 
Ørsta-album kan kjøpast i bokhandlane, hos Ørsta kino, på Servicekontoret på Rådhuset og i Ørsta folkebibliotek.
Jostein O. Mo har vore redaktør for Ørsta-album.