AKTUELT NO:

Koronatesting

Teststasjonen i Ørsta finn du på oppsida/baksida av rådhuset (ved den gamle hovudinngangen, nærast kulturhuset).

Utlevering av testar: I luka på Rådhuset kan du hente PCR-test og hurtigtest/sjølvtest til heimetesting. 
Innlevering av PCR: I opningstida leverar du PCR-testen i luka på Rådhuset. Utanom opningstida legg du den i postluka ved inngangen på Rådhuset.
 

Vi oppmodar alle om å hente seg PCR-testar, slik at dei har test tilgjengeleg ved behov. Akkurat no har vi tilstrekkelig med hurtigtestar sånn at ein kan ha testar liggande heime, til bruk når det oppstår symptom. Kvar husstand kan gjerne ha ein eller to testar liggande, men ein treng ikkje ein til kvar husstandmedlem. 

Opningstider

Måndag–Fredag: kl. 09.00–11.00
Om du av ein eller annan grunn ikkje får henta test i opningstida er det mulig å hente test på servicekontoret i opningstida kl. 09.00–15.00.

Telefon koronateststasjon Ørsta: 901 32 044  (for lokale spørsmål om testing i Ørsta)
Telefonen er open kvardagar 09.00–11.00
 

Har du spørsmål ang. koronatesting ringer du det nasjonale tlf. nr: 815 55 015

Du kan også nytte deg av helsenorge.no for oppdatert informasjon - der finn du også Chat-teneste.  

 

Testing

  • Test deg ved symptom. Barn i barnehagealder og skuleelevar er unntatt. Det er ikkje lenger naudsynt å teste seg dersom du ikkje har symptom.
  • Teste deg sjølv med PCR-test eller hurtigtest. PCR-testen må ein levere inn for innsending til laboratoriet.
  • Ved positiv koronatest bør vaksne halde seg heime til ein føler seg bra.
  • Ta kontakt med legen din dersom du er bekymra for eigen helse eller for barnet ditt.

Les gjerne: Nyoppståtte luftvegsymptomer (FHI)

 

 

Praktisk informasjon

  • Utstyr til PCR-testing med bruksrettleiing kan du hente i luka på oppsida av rådhuset
  • PCR-testane er pakka enkeltvis med brukarrettleiing og eit enkelt skjema som må fyllast ut før innlevering. Prøvene må vere desinfisert, det ligg spritserviett i kvar konvolutt
  • Andre kan hente og levere testar for deg om det er vanskeleg å kome seg til rådhuset. 
  • Det er også mogleg å hente hurtigtestar til heimetest dersom ein t. d. har vage symptom
  • Vi er tilgjengelege på rådhuset kvardagar 09.00–11.00 for rådgjeving og hjelp i tillegg til utlevering og innlevering av testar i opningstida.
  • Utanfor opningstid kan testar leverast inn i eiga postluke på staden.
  • Det er altså ingen timebestilling, men ein må inntil vidare hente testar i opningstida  og kan levere inn også utanfor opningstid.
  • Det går daglig transport (i vekedagar) til laben i Molde. 
  • Prøvesvar: For PCR-prøver som blir sende inn kan du sjølv sjekke resultatet på helsenorge.no.

Meir informasjon om hurtigtesting 

 
Kva gjer du om du testar positivt på hurtigtest?

Registrering av sjølvtest

En positiv sjølvtest/hurtigtest bør stadfestast med ein PCR-test eller ein test på teststasjon for personer som er:

  • Ufullstendig vaksinert, dvs. manglar oppfriskningsdose/booster
  • Eller barn som ikkje er vaksinert

Då treng du ikkje gi beskjed om positiv sjølvtest til kommunen så lenge du leverer PCR (husk å kryss av på skjemaet når du leverar testen).

Det er ikkje nødvendig med stadfestande PCR-test for personer som har:

  • fått oppfriskningsdose
  • eller er grunnvaksinert og deretter har gjennomgått covid-19 siste 3 månader

Men kommunen ynskjer å få beskjed om positive sjølvtestar - som ikkje blir bekrefta med PCR.

Bruk helsenorge om du har:

1. Send oss ei melding på helsenorge: Logg inn, velg "Innboks", deretter "Skriv ny melding" og velg "Ørsta kommune - Smittevern".
2. Vi vil då ta kontakt via helsenorge eller ringe deg, slik at vi kan gi deg naudsynt informasjon.


Om du ikkje har profil på helsenorge kan du sende SMS på koronatest-telefonen:

1. Sende ein SMS til 901 32 044 (Du skal kun sende SMS dersom du har testa positivt – andre SMS-ar vil ikkje bli besvart). 
2. I SMS-en skriv du: "Hurtigtest". (NB! ikkje send sensitive opplysningar.)

 

Du bør halde deg heime til du føler deg bra. Du finn god informasjon om kva du må gjere på FHI sine nettsider og helsenorge sine nettsider.
 

Samleside med meir informasjon om korona

   

Usikker på om du bør teste deg?

  • Alle med nyoppståtte symptom på covid-19, bør ta ein koronatest. Les meir om kva du bør gjere ved nyoppståtte symptom her.
  • Er du tvil om kva reglar og tilrådingar som gjeld for deg, kan du ta kontakt med korona-telefonen (815 55 015) for rettleiing.

Nyoppståtte luftveissymptomer, testing for covid-19 og positiv test

Sjekk prøvesvaret på nett

Viss du ikkje finn prøvesvaret på helsenorge.no, så ring teststasjonen i opningstida (sjå nummer øvst på sida).
  

Kor lang tid tek det før ein får prøvesvar?

  • Vanligvis 1-2 dagar. Det kan ta lengre tid, avhengig av kapasiteten på laboratoriet i Molde.

Det går daglig transport (i vekedagar) til laben i Molde. 

Kontakt

Korona-teststasjonen i Ørsta Open mån-fre: kl. 09–11
90132044
Nasjonal koronatelefon
Opningstid: Måndag-fredag
08.00-15.30
For alle generelle spørsmål om koronaviruset
81555015