Ergoterapi

Ergoterapi

Kontorlokale: Vikegata 9, 6150 Ørsta
Postadresse: Dalevegen 6, 6153 Ørsta
 
Ergoterapeuten..
  • har i sitt arbeid fokus på aktivitet og deltaking for alle.
  • hjelper menneske til å fungere best mogleg i kvardagen, trass vanskar med å utføre daglege gjeremål grunna sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.

Ergoterapi kan mellom anna vere:

  • Førebyggande tiltak
  • Tverrfagleg habilitering og rehabilitering
  • Rettleiing, informasjon og undervisning
  • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
  • Kartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar/arbeidsvaner
  • Legge til rette fysiske omgjevnader i heim, skule, barnehage og på arbeidsplass
  • Trening av daglege gjeremål
  • Delta aktivt i ansvarsgrupper i tverrfagleg team - koordinator for individuelle planar
  • Gje uttale om trygdefinanserte tiltak og utbetringstilskot til bustad
  • Universell utforming
 

Målgruppe for tenesta

  • Alle i Ørsta kommune, utan omsyn til alder.
  • Menneske med ulike sjukdommar og/eller skadar, helseplagar og funksjonshemmingar.
  • Grupper med auka risiko for helseplagar.
  • Personar med behov for helsefremmande og førebyggjande teneste, habilitering og rehabilitering.
 

Slik får du tenesta

Du kan ta kontakt direkte med ergoterapeutane eller be om henvising vidare frå andre tenester.