Kvar er mine private vass- og avløpsleidningar?
Om du ynskjer informasjon om leidningar på din eigedom, vend deg til tekniske tenester i Ørsta kommune. Tekniske tenester har leidningsarkiv for dei fleste gards- og bruksnummer i kommunen. I arkivet kan ein finne kvar private stikkleidningar ligg, samt plassering av utvendige stoppekraner og stakepunkt. Du kan få kopi av dokumenta.
Utdjupande info
Det er leidningseigar sitt ansvar å syte for at private leidningar og utstyr som stoppekraner, stakepunkt, sandfang og kummar på eigedomen vert innmålte eller innteikna på kart/målsett skisse. Lever innmåling eller kart/skisse til Ørsta kommune for registrering og arkivering.
Ved nybygg, eller dersom det vert gjort endringar på privat leidningsnett må kommunen, v. Tekniske tenester, få nye innmålingar eller målsette skisser som viser kvar nye leidningar og tilhøyrande utstyr liknande ligg.
Det er viktig at ein får best mogleg registrering og kartlegging av private stikkleidningar.
Ta kontakt med røyrleggar eller entreprenør med utstyr for røyrinspeksjon og innmåling.
Dersom du deler leidningsnett med fleire abonnentar, bør det finnast tinglyste dokument som viser leidningstrase og eigaroversikt. Spør naboar om dei har slike dokument hjå seg.
Kommunen sitt rørleggjararkiv for private leidningar , leggjast inn i det digitale kartverket viss skissene er gode nok.