Når skulefråvær uroar oss

Etter opplæringslova §2-1, har born og unge plikt til grunnskuleopplæring, og rett til offentleg grunnskuleopplæring i samsvar med lov og føreskrifter.
 
Dei fleste born og unge går på skulen frivillig og utan problem. Nokre elevar har likevel vanskar med å kome på skulen. I ein del av desse sakene vil det vere snakk om fråvær som gir grunn til uro.
 
Kva er fråvær som uroar oss?

Fråværsmønster knytt til einskilde dagar, timar, fag, eller at eleven er på skulen, men fråværande
i timen må avdekkast tidleg. Generelt er fråvær meir enn 10% (2 dagar) i løpet av ein fire
vekersperiode, ein grunn til uro og handling. Prosentgrensa er likevel ikkje absolutt og uroa kan
oppstå tidlegare. Skulking og/eller urovekkande skulefråvær gjev umiddelbar grunn til bekymring og
handling.

Årsaker

Det er mange moglege grunnar til at born og unge har fråvær frå skule. Det kan skuldast at noko
vert opplevd som vanskeleg på skulen, som mobbing, bråk i klassa, prestasjonspress,
framføringar, lærarskifte eller mangelfull tilrettelegging. Psykiske utfordringar som til dømes
angst, depresjon, søvnvanskar, vanskar mellom born og foreldre eller andre vanskar i heimen
kan vere medverkande årsaker. Stress og vanskelege opplevingar spelar også ei rolle.

Når oppstår fråværet?

Fråvær kan oppstå gjennom heile grunnskulen, men det er ein auka risiko i høve skulestart og
overgangar. Fråværet kan også oppstå ved byte av skule, ved oppstart etter feriar og etter periodar
med sjukdom. Oppmøtevanskane kan ofte starte i det små, med fråvær i nokre timar, delar av
dagen eller enkelte dagar. Det er viktig å fange opp dette så tidleg som mogleg, og å følgje opp
uroa vidare.

Førebyggande faktorar
  • Samarbeid og samhandling for å skape trygge overgangar for elevane
  • Fråværsregistrering
  • Tidleg innsats
  • Gode relasjonar mellom elev/ lærar og elev/elev
  • God kommunikasjon med heimen
  • Tilrettelegging av skuledagen i samarbeid med elev og føresette
  • Stabile rammer og kjende strukturar
  • Tilpassa undervisning med høvlege og tydlege faglege forventningar til eleven
  • Systematiske, førebyggande tiltak for godt læringsmiljø
  • Godt psykososialt læringsmiljø i samsvar med § 9A i Opplæringslova
  • God kompetanse om psykisk helse
Kva kan heimen gjere?
  • Godt samarbeid mellom dei føresette er viktig
  • Framsnakk skulen og vis at skule er viktig
  • Hjelpe barnet til å møte kvar dag og til rett tid
  • Gje barnet oppmuntring og ros for å gå på skule, også når barnet ikkje kjenner seg heilt på
    topp
  • Hjelp barnet med gode rutiner, som søvn, kosthald, skjermtid m.m.
  • Unngå at det blir «kjekt» å vere heime dersom eleven unnlet å gå på skulen (t.d. digital
    underhaldning, god mat osv., men gjerne skulearbeid)
  • Ta kontakt med skulen ved fråvær
  • Samarbeide aktivt med skulen om å finne årsak og oppfølging av fråvær
  • Gjer hyggelege aktivitetar med barnet utanfor skuletid
  • Hjelp barnet til å ha kontakt med jamaldrande i fritida og delta i fritidsaktivitetar
  • Ta ein helsesjekk for å utelukke somatisk/fysisk sjukdom som grunn til skulefråvær
Kva er føresette sitt ansvar - melding om fråvær
  • Ta tidleg kontakt med skulen ved alle typar fråvær (helst morgon same dag), og grunngi gjerne fråværet
  • Planlagt fråvær skal meldast til skulen i forkant av fråværet
Kva er skulen sitt ansvar - registrering og oppfølging av fråvær
  1. Fråvær skal registrerast dagleg, både enkelttimar og heile dagar. Kontaktlærar held seg oppdatert på fråværet til sine elevar.
  2. Ved fråvær skal eleven sine føresette ta kontakt med skulen og melde frå om årsak til fråværet.
    Dersom skulen ikkje får slik melding, skal kontaktlærar ta kontakt med dei føresette.
  3. Dersom ein tilsett er uroa for fråvær (10% over 4 veker, skulk eller urovekkande skulefråvær), skal kontaktlæraren ta dette opp med elev og føresette, og melde det til skuleleiinga. Om bekymringa held fram, skal kontaktlærar kalle inn elev og føresette innan ei veke. Formålet med møtet er å kartlegge, planlegge og iverksett tiltak, som skal evaluerast etter tre veker.
    Når tiltak er utprøvd i samarbeid med elev og føresette utan ønskt effekt, skal saka takast opp med skuleleiinga. Innan ei veke skal skuleleiinga kalle inn føresette, elev og kontaktlærar til samtale om utfordringane, for saman å lage mål og finne riktig innsats som skal stoppe fråværet. 
    Elev og foreldre skal informerast om hjelpetenester, til dømes samtalar med helsesjukepleiar og LOS-tenesta. LOS- tenesta er for barn frå 12 - 16 år.

  4. Skulen har ansvar for å gjennomføre systematisk kartlegging av oppretthaldande- og tryggande faktorar.

  5. Dersom det høge fråværet held fram, må skulen vurdere kontakt med annan teneste, samt
    planlegge og gjennomføre ny innsats i samarbeid med elev og føresette.

For meir informasjon:Ta kontakt med skulen der barnet dykkar går

 

Kjelder:Gode råd mot skulefråvær: Læringsmiljøsenteret si tipsliste til føresetteOpplæringslova kapittel 9A. Elevane sitt skulemiljø