Bekymra for branntryggleiken?

Er du bekymra for branntryggleiken til deg sjølv eller andre og ynskjer å melde frå? 

Har du oppdaga eit brannfarleg forhold og ønskjer å melde frå? Uansett kven eller kva bekymrina di gjeld, ønskjer brannvesenet å høyre frå deg. Saman kan vi unngå at brannar oppstår og potensielt redde liv.

Meld frå via branntips.no Meld helder frå ein gong for mykje enn ein for lite.

Nokre eksempel på forhold vi ønskjer bekymringsmeldingar om:

Bekymra for nokon du kjenner?

Det finst menneske som av ein eller annan grunn ikkje klarer å ivareta sin eigen branntryggleik og kanskje utgjer ein risiko for andre. Vi ønskjer å finne og hjelpe desse, så vi unngår at nokon blir skada eller døyr i brann.

 

Rømmingsveg

Lagring eller andre hindringar i rømmingsveg er dessverre ganske vanleg. Det er ikkje tillatt med oppbevaring i rømmingsveg som kan vere til hinder for sikker rømming.

 

Brann- og byggtekniske manglar

Om brannvarslingsanlegg er kopla frå, eller viser feilmeldingar, vil det ikkje fungere. Byggtekniske manglar, som til dømes feil i konstruksjon, feil eller manglande branncelleinndeling, eller dårleg utført arbeid på bygget som etterlet hol i konstruksjonen, er faktorar som kan vere avgjerande viss det oppstår brann. At bygget er i orden er eigars ansvar, enten det er ein einebustad eller ei større bustadsamanslutning.

 

Brannbilen kjem ikkje fram

Nokre gonger slit brannvesenet med å kome fram på grunn av parkerte bilar, store snømengder osv. Det er viktig at den som oppdagar slike forhold, melder frå om dette.

 

Oppbevaring av gass

Gass skal ikkje oppbevarast i kjellar eller på loft, og det er reglar for kor mykje ein kan oppbevare kvar.

 

Dårlege elektriske anlegg eller koplingar

Gamle elektriske anlegg, eller anlegg og koplingar med feil, er svært vanleg og kan utgjere stor risiko for brann. Er du bekymra for brannfarlege elektriske løysingar eller andre feil knytt til elektrisitet, oppmodar vi deg til å kontakte Det Lokale Eltilsyn direkte.

 

Ombygging eller anna arbeid i bygg

Ved ombygging eller vedlikehald kan branntryggleiken dessverre bli redusert. Brannvarslingsanlegg og sprinklarar blir ofte kopla ut, og rømningsvegar blir sperra eller blokkerte. Bygg skal ikkje nyttast i slike periodar dersom det ikkje er sett i verk tiltak som ivaretek branntryggleiken.  OBS: Ulovleg bruk av bygg er regulert av plan- og bygningslova, ta difor direkte kontakt med dei lokale bygningsmyndigheitene for å melde di bekymring.

 

Ulovleg bruk av bygg

Det finst tilfelle der menneske av ulike årsakar oppheld seg ulovleg i bygg, og dette kan medføre brannfare. OBS: Ulovleg bruk av bygg er regulert av plan- og bygningslova, ta difor direkte kontakt med tenesteområde Plan, byggesak og oppmåling for å melde di bekymring.

Kontakt

Hege Leite branningeniør
48897275
@ Hege Leite
Thomas Winther Leira brannsjef
90749112
@ Thomas Winther Leira
Vakthavande overbefal Nødnummer brann 110
91122820