Kaihuset

Klikk for stort bilete 

Kaihuset - ungdommen sitt eige hus i Ørsta

Kaihuset er ein ungdomsklubb, for ungdom frå 8. klasse til 18 år, og er sjølvsagt eit 100% rusfritt tilbod.

Ungdomskafeen ligg i første høgda på kaihuset i sentrum, der fins aktivitetar som biljard, airhockey, PS4, brettspel og mykje anna. Der er kiosk som serverer brus, snop og mat, og eit lite datarom med 4 maskiner som er gratis å bruke.

Vi har ei flott scene, med eit godt PA-anlegg, og legg opp til fleire arrangement med musikalsk aktiitet frå scena i løpet av året. Der er også DJ-utstyr som det vert spelt musikk frå kvar opningskveld. I tillegg har vi eit fullt utstyrt øvingsrom, som ungdom kan nytte seg av til fast eller meir sporadisk øving med musikalske prosjekt.

Ein fredag i månaden flyttar vi aktiviteten over i nye Ørstahallen. Då disponerer vi foajè/kiosk og ei speleflate, i tillegg leiger vi ei vakt frå klatreklubben slik at vi kan tilby gratis klatring til ungdom desse kveldane. Elles fokuserer vi på ulike ballaktivitetar når vi er i hallen, vi eig også utstyr for boblefotball som vi kan nytte der. Desse kveldane senkar vi aldersgrensa, slik at det også er ope for 6. og 7. klassingar!

 

Opningstider

Tysdagar kl.18.00-21.30
Torsdagar kl.18.00-21.30
Ein fredag i månaden på Kaihuset kl.18.00-22.00
Ein fredag i månaden i Ørstahallen kl.18.00-22.00

Sjå Facebook-sida til Kaihuset for oppdatert aktivitetsplan kvar månad, og elles informasjon om kva som skjer.

 

Kva er Kaihuset?

Kaihuset vert drive av Ørsta kommune, og den primære målsetjing er å leggje til rette for aktiv ungdom og at desse er basis for drifta. Huset tilbyr ein plass der ungdom kan vere kreative og aktive om dei ynskjer det, men i like stor grad er Kaihuset ein møteplass for ungdom der dei både kan vere ilag med kvarandre og samtidig ha moglegheit for å snakke med vaksne om store og små ting i livet.

Kaihuset er til for ungdom - der det skal skapast rammer for at ungdom skal kunne trivast og utfalde seg, på ein måte som passar for dei. Mykje av drifta baserer seg på at ungdommen skal ha evne og vilje til å ta ansvar for eigne tilbod, blant anna gjennom å jobbe som crew i kafeen med drift av kiosken, musikk og arrangement.

Kaihuset sitt crew – frivillige ungdommar som jobbar i kiosken og under arrangement, fungerer også som eit husstyre. Her vert forslag, spørsmål og problemstillingar frå ungdommen som bruker huset og dei tilsette handsama.

Kaihuset skal vere tilgjengeleg for all ungdom frå 8. klasse til 18 år, og det er difor gratis å vere på huset, med unntak av nokre spesielle arrangement i løpet av året – økonomi skal ikkje ekskludere nokon frå å bruke tilbodet. Det er også universell utforming på lokala slik at ungdom med særlege behov kan ta seg inn og vere på huset.

 

Følg Kaihuset på sosiale media

Klikk for stort bilete@kaihuset  Instagram