E39 – Ørstafjordkryssing

Arbeidet med ei fjordkryssing i Ørstafjorden, planlagt som ny E39 og som leier trafikken utanfor Ørsta sentrum, har vore arbeidd med lenge. Målet er ny vegtrase for E39 frå Furene via sørsida av Ørstafjorden og ei kryssing av Ørstafjorden med tunnell eller bru løysing.  

Siste nytt

06.06.2024 Møte med SVV og Gode vegar
Det har vore møter (11. mai og 06. juni) med SVV og Gode Vegar der både Voldatunnelen, Strynefjellet, bru over Nordfjorden og Ørstafjord-kryssinga har vore tema. Det er prioriteringane i NTP og den vidare planlegging av prosjekta som har vorte drøfta.

Europavei 39 - Klikk for stort bileteEuropavei 39

11.04.2024 Møte med Statens Vegvesen om E39 Ørstafjordkryssing 11. april 2024
Formålet med møtet er å få oppdatert informasjon om dei ulike tekniske målingane som er utførte dei siste åra i området Sulafjorden og Vartdalsfjorden. Desse er endå ikkje offentleggjorte, men ligg til kvalitetssjekk i Vegdirektoratet. Signala i nyleg offentleggjort Nasjonal Transportplan (NTP) 2025-36 for ferjefri E39 og strekninga Volda-Vegsund (Ørstafjordkryssing, Vartdalsfjordkryssing, Hafast) er skuffande.  Les heile referatet under informasjon - referat, nedst på denne sida. 

Tidlegare hendingar
20.02.2024 Saksframlegg Ørsta formannskap - Framdrift E39 Ørstafjordkryssing
30.11.2023 Referat frå møtet i arbeidsgruppa Ørstafjordkryssing.
29.09.2023 Ope brev til Ørsta kommunestyre 
02.06.2023 Høyringsinnspel til Ørsta formannskap - Nasjonal transportplan 2025–2036

 Informasjon

Kva er Ørstafjordkryssing?

Arbeidet med ei fjordkryssing i Ørstafjorden, planlagt som ny E39 og som leier trafikken utanfor Ørsta sentrum, har vore arbeidd med lenge. Målet er ny vegtrase for E39 frå Furene via sørsida av Ørstafjorden og ei kryssing av Ørstafjorden med tunnell eller bru løysing.  

Korte fakta:

  • Stortinget har slutta seg til at E39 skal leggast utanom Ørsta sentrum.  
  • Regjeringa vedtok i  konseptvalet for E39 mellom Volda og Ålesund at E39 skal gå via Sulafjorden (Hafast).  
  • Eiksundsambandet oppfyller ikkje kravet til det transeuropeiske transportnettet (TEN-T) som E39 er ein del av.  
  • Om Vartdalsfjorden skal kryssast ved Flåvika, Nordre-Vartdal eller på anna vis er ikkje ferdig utgreidd.  
  • I påvente av dette har Ørsta kommune laga planprogram for E39 Ørstafjordkryssinga.
  • Aktuelle linjer for E39 Ørstafjordkryssinga er lagt inn i kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda.  
  • For å kome vidare i realiseringa av E39 Ørstafjordkryssing er ein milepæl at prosjektet blir omtalt i Nasjonal Transportplan (NTP)
  • Kommunedelplan for Hovdebygda og Ørsta sentrum har innteikna tre alternativ; bru over Raudøya, tunnell under Raudøya, bru Sørheim–Lianeset.
Referat

Møte med Statens Vegvesen om E39 Ørstafjordkryssing, 11. april 2024

Ordførar Per Are Sørheim innleia. Formålet med møtet er å få oppdatert informasjon om dei ulike tekniske målingane som er utførte dei siste åra i området Sulafjorden og Vartdalsfjorden. Desse er endå ikkje offentleggjorte, men ligg til kvalitetssjekk i Vegdirektoratet. Signala i nyleg offentleggjort Nasjonal Transportplan (NTP) 2025-36 for ferjefri E39 og strekninga Volda-Vegsund (Ørstafjordkryssing, Vartdalsfjordkryssing, Hafast) er skuffande. Ørsta kommune hadde tidlegare i veka eit positivt møte med Statens Vegvesen (SVV) sin driftsseksjon. Dette gjaldt såkalla mindre prosjekt; mellom anna E39 flyplasskrysset, tiltak i sentrum og E39 Liadal-Rindane. Etter mange år i dialog, ligg det no an til konkrete utbyggingar av desse tiltaka dei komande åra. Dessverre ligg Ørstafjordkryssinga mange år fram i tid, dess viktigare er det å få gjennomført viktige tiltak på E39 i og rundt Ørsta sentrum. Trafikktala (8.000 sentrum, 10.0000 flyplasskrysset, 12.500 Ose, 3.500 Sætre) viser at sjølv om gjennomgangstrafikken blir flytta ut av sentrum, vil det framleis vere stor sentrumstrafikk. Behova for trafikksikring og andre tiltak på E39 er derfor uansett stort.

E39 Ørstafjordkryssing, rask historikk v/Gunnar Wangen

Å frigjere sentrum frå E39 har vore eit langsiktig mål, som kommunen har arbeidd med i mange år. Arbeidet med ny overordna planprosess for E39 utanfor Ørsta sentrum starta i 2012. Tre hovudalternativ for kryssinga (bru og undersjøisk tunnell over/under Raudøya, bru Sørheim-Lianeset), to alternativ innarbeidd i kommunedelplan for Hovdebygda og Ørsta sentrum (vedtatt 2015). Ny områdeplan for Ørsta sentrum vedtatt i 2019 etter arkitektkonkurranse og omfattande arbeid.

Presentasjon teknisk forprosjekt v/Jørn Arve Hasselø, Statens Vegvesen (SVV)

SVV har sidan 2017 samla inn store mengder data om vind, ver og straumforhold på ulike stadar i Sulafjorden og Vartdalsfjorden. Sulafjorden er 3500 -5000 meter brei og 450 m djup i aktuelt kryssingsområde. Datagrunnlaget gir viktig kunnskap om fleire forhold som avgjer vidare planlegging av brukonsept. Tryggleik er grunnleggande for alt arbeidet, og bruene skal ha hundre års livstidsperspektiv. Avansert datainnsamling gir nødvendig grunnlag for forprosjekta, og inneheld mellom anna målingar av vind, oseanografiske forhold; bølger, straum, temperatur, djupneforhold, marine grunnundersøkingar og seismologiske data. SVV har hatt eit utstrakt FoU-samarbeid NTNU, Kjeller Vindteknikk, Universitetet i Stavanger, meterologisk Instistutte, FUGRO og fleire, der det m.a. er brukt romfartstetnologi. Innsamling av data er nyleg avslutta, og utstyr som vindmaster og målebøyer er i ferd med å bli demontert.

Tidlegfasen med mulegheitsstudie, keonseptstudie og forprosjekt er tidkrevande og omfattande. Det er også utført kvantifisering og modellering av ulike lastkombinasjonar og grensetilstandar. Det er gjennomført analyser av utslepp av klimagasser under produksjon av brukonsepta. Forprosjektet viser at kryssing av Sulafjorden er teknisk muleg, og ingen av dei 5 alternativa er teknisk utelukka. I tillegg har analysene i forprosjektet redusert usikkerheita rundt kostnadene (+-25%).

Forprosjektet har fokus på Sulafjorden. Det er teknisk det mest utfordrande prosjektet, og alle løysingar som teknisk kan fungere over Sulafjorden, kan også brukast til kryssing av Vartdalsfjorden. Det er samla inn mykje rådata om ver og vind i aktuelt område for kryssing av Vartdalsfjorden, men desse er ikkje systematiserte. Forprosjekt for Vartdalsfjorden vil ikkje bli starta før kryssing av Sulafjorden er nærare definert.

Vidare planlegging, ma. statleg eller kommunal plan, høyring NTP

NTP 2025-36 er ei stortingsmelding som Stortinget legg ved protokollen. NTP nemner prioriterte prosjekt og overordna rammer. Saka ligg i Transportkomiteen, og skriftlege innspel kan sendast innan 24.april. Naturleg at formannskapet i Ørsta sender innspel. Kommunestyret har sendt meir omfattande høyringsinnspel tidlegare, så denne uttalen bør vere kort og fokusere på E39 Ørstafjordkryssing. Fleirtalsmerknader gir føringar for Statens Vegvesen og Nye Vegar. Prosjekt nemnt i 12-årsperioden kan blir prioritert høgare, dersom prosjektet er klart, Statens Vegvesen prioriterer prosjektet og Stortinget løyver midlar.

Utbyggingsdivisjonen i Statens Vegvesen har også fleksibilitet og rom for faglege prioriteringar innan planlegging. Ørsta kommune bør derfor ha dialog med både Utbyggingsdivisjonen (Ørstafjordkryssing) og driftsdivisjonen med tanke på utbetringstiltak.

Ørsta kommune ønsker tilgang til rådata som er innsamla for Vartdalsfjorden. Desse må analyserast og bearbeidast for å vere nyttig i vidare arbeid.

Samferdseldepartementet har på spørsmål frå Ørsta kommune svart at statleg plan (staten regulerer alt aktuelt område, ikkje kommunane) no er mindre aktuelt enn tidlegare for strekninga Volda-Vegsund, det innber truleg i framtida ordinær regulering der kvar kommune lagar kommunedelplan og reguleringsplan i samarbeid med SVV.

Vidare prosess – drøfting

Ordførar foreslo at kommunen opprettar ei informasjonsside om E39 på kommunen si heimeside, der folk kan søke opp informasjon og oppdateringar.

Vidare arbeid med oppstarta kommunedelplan for E39 Ørstafjordkryssing vart drøfta. Eit slikt arbeid vil vere omfattande og kostbart, og SVV vil uansett ønske å vere i førarsetet i ein slik planprosess. SVV er frå tidlegare klar på at dette først er aktuelt når meir overordna sider ved strekninga Volda-Vegsund er avklart.

Ørsta kommune lagar spissa høyringsinnspel til Transportkomiteen, som også bli sendt fylkeskommunen for evt samla innspel derifrå. Dei politiske partia må arbeide inn mot sine representantar på stortinget og i Vestlandsrådet. Ørsta kommune må også vidare ha tett dialog med Statens Vegvesen, både folk i Utbygging og Drift.

Oppsummering

  • Skuffande NTP for ferjefri E39 og Ørstafjordkryssing
  • Rådata for vind- og straummålingar Vartdalsfjordkryssinga, men ingen konkret rapport eller status
  • Arbeidsgruppa lagar utkast til høyringssvar/innspel NTP om E39Ørstafjordkryssing, til Stortinget (frist 24.april) og til fylkeskommunen
  • NTP-arbeidet kan påverkast gjennom komitemerknader i Stortinget, alle politiske parti må påverke (innstilling mai, vedtak juni)
  • Bruke Vestlandsrådet som har ferjefri E39 som ei av prioriterte arbeidsoppgåver
  • Halde vidare dialog med Davik og Nesje om planleggingsmidlar og viktigheita av E39 Ørstafjordkryssinga
  • ØK lagar infoside om E39 Ørstafjordkryssinga på heimesida

 

Til stades:

Jørn Ave Hasselø, Statens Vegvesen
Per-Are Sørheim
Karen Høydal
Odd Magne Vinjevoll
Yngve Bøstrand
Svein Sunde
Eldar Øye
Gunnar Wangen
Per Ivar Lied (ref)

Planprogram

Utfrå dei nasjonale generelle måla om ein ferjefri E39 langs kysten og for å kome vidare i arbeidet med E39 Ørstafjordkryssinga, vedtok Ørsta kommune i 2016 å starte arbeidet med eit planprogram for prosjektet. Prosjektet vart lyst ut på anbod, og Norconsult vart valt til å utarbeide planprogrammet som høyringsdokument. Utkast til planprogram låg føre i februar 2017 (sjå nedst).

Arbeidet med ei fjordkryssing i Ørstafjorden som ny E39 som leier trafikken utanfor Ørsta sentrum, har vore arbeidd med lenge. Arbeidet med planprogrammet la til grunn at Ørstafjordkryssinga er ein del av E39, saman med Vartdalsfjordkryssinga og Hafast, og på lik linje med Voldatunnellen.

Norconsult utarbeidde planprogrammet og dette var meint som første steg i den formelle prosessen for å gi fjordkryssinga naudsynt planavklaring. Formålet for planprogrammet var å klargjere premissar for og innhaldet i planarbeidet. Planprogrammet gir oversikt over dei viktigaste omsyna for planlegginga og ramme/forslag til vidare medverknad.

På det tidspunkt (2016/17) var det naturlege neste steget etter høyring og vedtak av planprogram å utarbeide ein kommunedelplan med tilhøyrande konsekvensutgreiing. Dersom Ørstafjordkryssinga av Statens Vegvesen eller sentrale styresmakter blir vurdert å vere ein del av E39 som er naturleg, vil kostnader knytt til vidare planlegging og konsekvensutgreiingar mm, vere eit sentralt ansvar. Frå nasjonalt hald vart det også foreslått at strekninga Volda/Furene til Breivika/Ålesund skulle vere gjenstand for statleg plan, altså at staten har det overordna heilskaplege ansvaret for regulering og prosess for ei lengre strekning. Staten starta også eit breiare kartleggingsarbeid over straum og vindtilhøve, og slo fast at vidare planlegging ikkje var aktuelt før resultat av desse målingane låg føre. Dermed stoppa vidare arbeid med planprogram opp.

Forslag til planprogram ligg altså føre, og har vore til høyring (2017), men planprogrammet er ikkje vedtatt.

Les heile Planprogrammet. (PDF, 2 MB)

Arbeidsgruppe

Arbeidsgruppa for E39 Ørstafjordkryssing vart oppretta i november 2023 etter vedtak i formannskapet 24. oktober 2023.  

Arbeidsgruppa skal arbeide for å etablere ny vegtrase for E39 frå Furene via sørsida av Ørstafjorden og ei kryssing av Ørstafjorden med tunell eller bru løysing.  

Prosjektet er ei vidareføring av utviklinga av E39 der gjennomgangstrafikken vert lagt utanom Ørsta sentrum. Det vil gi ei tryggare og betre vegføring for gjennomgangstrafikken, samtidig som det vil gi store forbetringar av trafikksituasjonen i Ørsta sentrum.

Arbeidsgruppa skal arbeide for å få prosjektet inn i NTP 2025 - 2036. Arbeidsgruppa skal vidare arbeide for å få prosjektet opp på prioriteringslistene med mål om snarleg realisering.

Arbeidsgruppa består av:

  • Per Are Sørheim, leiar
  • Karen Høydal,  valt av formannskapet
  • Odd Magne Vinjevoll, representerer næringslivet
  • Yngve Bøstrand,  representerer næringslivet
  • Per Ivar Lied, representerer Ørsta kommune administrasjon
  • Svein Sunde, fassilitator 
Historikk

2019: Ny områdeplan for Ørsta sentrum: 

  • gateprofil
  • ny sambindingsveg
  • framheva fotgjengarkryssingar
  • føresetnad om 40 km/t gjennom sentrumskjernen 

Mål: redusere barriereverknaden, auka trafikktryggleik, mindre ulemper
2017: Ørsta kommune sendt forslag til planprogram for E39 Ørstafjordkryssing på høyring
2015: To alternativ for Ørstafjordkryssing innarbeidde i kdp  
2012: Ny overordna planprosess starta

  • Måtte fjerne bindinga om sjøline før ein kunne starte på ny sentrumsplan
  • Rapport SSV/kommune utgreidde 3 alternativ (bilde/kart)

2000: E39 langs sjølinja, innarbeidd på nytt i reguleringsplan 
1980-tallet: E39 langs sjølinja