Sjukepengar

Ein kompensasjon for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive personar som er medlem av folketrygda. Kompensasjonen vert gjeve når arbeidsuføret er følgje av sjukdom eller skade.
 
 
Arbeidstakar må ha vore tilsett i minst fire veker for å ha rett til sjukepengar, og har då rett til sjukepengar frå første sjukedag. Retten til sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar er ikkje den same som for arbeidstakarar.

For å få rett til sjukepengar som arbeidstakar må du væra arbeidsufør grunna ei funksjonsnedsetting som klart skuldast eigen sjukdom eller skade, du må ha vore tilsett i minst 4 veker og du må tape pensjonsgivande inntekt på grunn av arbeidsuføre. Det er eit vilkår at inntektsgrunnlaget for sjukepengar er på minst femti prosent av grunnbeløpet (1/2 G). 
 
For å få rett til sjukepengar som sjølvstendig  næringsdrivande må du være arbeidsufør grunna ei funksjonsnedsetting som klart skuldast eigen sjukdom eller skade, du må ha vore i arbeid i minst fire veker umiddelbart før du vart arbeidsufør og du må tape pensjonsgivande inntekt på grunn av arbeidsuføre. Sjukepengar betalast ut frå 17. dag. Du kan teikne forsikring for å få betre dekking.