Vaksinasjons-tidspunkt
Vi har avslutta innkalling til vaksinering til første og andre dose. Personar som enno ikkje har fått time til 1. dose eller 2. dose, må sjølve ta kontakt med vaksinetelefonen for bestilling av time. Dersom nokon har utsett timen sin må dei ta kontakt med vaksinetelefonen for ny time, dei vil ikkje bli kalla inn på nytt.
- Det blir vaksinering på Ørsta Velferdshus:
- Det er foreløpig ingen oppsatte vaksinasjonsdatoar framover.
Ang. DROP-IN - ein må då sørge for att intervallen er 20 veker.
Vi opprettar fleire vaksinasjonsdagar ved behov. Ikkje nøl med å ta kontakt.
Type vaksine: Ørsta kommune har inne Pfizer og Moderna, og ein kan velje mellom desse to so langt lageret rekk. Ynskjer du Novavax-vaksine må du til Ålesund for å få denne. Du må sende e-post til Ålesund kommune på massevaksinering@alesund.kommune.no for å få avtale. Meir informasjon om Novavax-vaksine her (FHI)
Det er sjølvbooking av vaksineringstime for aldersgruppene 12–17 år og eldre via Helsenorge.
Vi oppmodar om at du loggar deg inn på helsenorge.no og sjekkar at du er registrert med rett telefonnummer og e-post. Dersom du vel å få varsel på telefon vil du få melding om time på SMS. Her kan du oppdatere kontaktinformasjonen din.