Rustenesta

Rustenesta driv førebyggande rusarbeid og tilbyr oppfølging av menneske som har utvikla eit rusproblem, ei rusavhengigheit eller står i fare for å utvikle eit rusproblem. Tenesta er ein henvisningsinstans og den tilbyr også rettleiing til andre kommunale tenester som følger opp menneske med rusmiddelproblem. Rustenesta har også frivillig og tvungen forvaltning av trygd.

Rustenesta har kontor og samtalerom i Berte Kanutte-vegen 4
(same adresse som Tenesta for psykisk helse, Møteplassen og Småjobbsentralen)
Opningstider er måndag-fredag kl. 08:00–16:00

Søknadsskjema


Oppfølging

Rustenesta jobbar med menneske som står i fare for å utvikle eit rusproblem eller som allereie har utvikla eit rusproblem. Rustenesta kan henvise til behandling, både døgn- og poliklinisk rusbehandling.

Rustenesta tilbyr også ettervern for dei som har vore i behandling/fengsel.

Rustenesta er ei frivillig og gratis teneste, som tilbyr målretta og individuelt tilpassa oppfølging. Rustenesta kan møte den enkelte der dei bur eller oppheld seg (til døme skule, arbeidsplass eller heime), eller ein kan kome til vårt kontor på Viketunet.

Oppfølginga består gjerne av hjelp til å få på plass kontakt med andre nødvendige instansar i hjelpeapparatet (Nav, lege, lærar, arbeidsgjevar advokat, kriminalomsorg, lista er ikkje uttømande), samtalar, rustesting, koordinering, henvisning, kontakt og oppfølging etter endt rusbehandling.

Rustenesta driv også med førebyggande arbeid og har eit aktivt samarbeid med ungdomsskule og vidaregåande skule i kommunen.

Om det er fare for liv og helse kan Rustenesta setje i verk innlegging i rusinstitusjon etter Helse- og omsorgstenestelova § 10-2. Rustenesta har og hovudansvaret for gravide rusmisbrukarar, og kan legge inn i behandling etter Helse- og omsorgstenestelova § 10-3.

 

Dei som ønsker oppfølging kan ta kontakt med Rustenesta sjølv eller bli henvist frå:

Vedtak vert fatta etter Helse- og omsorgstenestelova. §3-2 første ledd nr. 5 og 6. Det er klagefrist i 3 veker. 

Kontakt

Line Borgen Miljøterapeut
90219698
@ Line Borgen
Astrid Skare teamkoordinator/sosialkurator
488 90 649
@ Astrid Skare
Signe Aksnes vernepleiar
902 19 110
@ Signe Aksnes
Joanne Picton Aarseth einingsleiar, Tenesta for psykisk helse og Rustenesta
994 95 111
@ Joanne Picton Aarseth