Munnmotorisk team

Munnmotorisk team er ei tverrfagleg gruppe samansett av spesialpedagog Heidi Gromholt, logoped Eilin Kalvøy, ergoterapeut Lillian Sætre, fysioterapeut  Hanne Marit Myklebust og spespedkoordinator Irene Yksnøy Lianes.

Målgruppa er barn i barnehagealder, 0-5 år. Teamet arbeider både i høve enkelt barn som har vanskar, men også førebyggjande inn mot barnehagane og helsestasjon.

Meldeskjema

Brosjyre

 

Teikn på at barnet ditt kan ha behov for trening av ansikts- og munnmotorikk:

  • Sikling -utover det som er normalt i utviklinga
  • Slapp ansiktsmusklatur / lite mimikk
  • Vanskar med å ete, tygge og drikke
  • Slapp tunge
  • Ustabil kjeve
  • Open munn ved kvile
  • Vanskar med å produsere lydar, uttalevanskar


Korleis arbeider teamet?

  • Etter melding: observasjon og kartlegging for å vurdere individuelle tiltak. Vi vil nytte observasjon i situasjoner som måltid og leik, samt munnmotoriske undersøkingar med barnet. Vi vil kunne be om løyve til å filme for evaluere i etterkant, og rådgjeving internt i teamet. Film er og nyttig for rettleiing av barnehagepersonell og føresette som skal gjennomføre den daglege treninga.   
  • Førebyggjande arbeid inn mot barnehagar, gjennom kunnskapsdeling og rettleiing.


Korleis kome i kontakt med teamet?
Fyll ut meldeskjema til munnmotorisk team. Barnehagen og helsestasjonen kan hjelpe til med utfylling.