Innkjøp

På denne sida finn du informasjon om offentlege innkjøp, og om konkurransar der det er høve for leverandørar å gje tilbod til Ørsta kommune. Vi oppmodar alle leverandørar som kan gje tilbod i konkurransar om å gjere dette.

Ørsta kommune skal gjere sine innkjøp i samsvar med Lov om offentleg anskaffingar (LOA) og Forskrift om offentlege anskaffingar (FOA). Føremålet med regelverket om offentlege anskaffingar er mellom anna å sikre konkurranse, og sørgje for at det offentlege handsamar alle leverandørar likt.

Lov om offentlege anskaffingar

Forskrift om offentlege anskaffingar 

Vurderinga av verdien avtalen vil ha, avgjer korleis konkurransen skal gjennomførast. Tabellen syner ei oversikt over forskrifta, og når dei ulike delane av denne vil gjelde:

Klikk for stort bilete I tillegg har forskrifta ein del V som gjeld plan- og designkonkurransar.

For gjentakande kjøp skal verdien av avtalen bereknast over 4 år, og dette vert avgjerande for kva del av forskrifta som gjer seg gjeldande. For innkjøp med verdi under 100.000 kroner gjeld ikkje regelverket.

Ørsta kommune oppmodar om å lese tilbodsførespurnad eller konkurransegrunnlag nøye, og svare i samsvar med dette. Kommunen har ikkje høve til å vurdere tilbod som ikkje overheld fristar, eller som ikkje svarar på tilbodsførespurnaden eller konkurransegrunnlaget.
 

Pågåande innkjøpskonkurransar

Kontakt

Eva Haugen Øye Jurist
468 82 850
@ Eva Haugen Øye

Nyhende