Teamet og heimesjukepleia vil ilag med deg samarbeide mot dine mål. Innsatsen vil vere intensiv i starten og minke i takt med betringa av dine funksjonar. Kvardagsrehabilitering startar med spørsmålet: ”Kva er viktige aktivitetar i livet ditt no?" - For mange handlar det om å vere aktive og kunne meistre daglege aktivitetar i kvardagen.
Søknadsskjema
NB: Søknadsskjemaet sender eller leverar du på rådhuset.
Målgruppe:
Du som...
- søkjer helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søkjer om meir teneste
- opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade
- opplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjon
- er motivert til å klare deg sjølv
- ynskjer å vere aktiv og bu heime
Kva kan du forvente av oss?
Vi kjem heim til deg og vil saman med deg trene på det synest er viktig å meistre i kvardagen
For å oppnå dette jobbar vi intensivt saman med deg i ei avtalt tidsperiode. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs.
Kva vi forventar av deg?
Du er motivert til å gjere ein innsats for å gjenvinne det du tidlegare meistra, slik at du i størst mogleg grad kan fortsette å vere aktiv i eige liv - i eigen heim.