Kollektivtransport

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for å tildele og sjå til drifta av ruteløyve (løyve for persontransport i rute) for all fylkesintern buss-, båt- og fylkesvegferjedrift i alle kommunane i Møre og Romsdal, herunder takst og tilskot. 
 

Fram MR 


Vegdirektoratet er løyvestyresmakt for riksvegferjer.   

Den som vil utføre kollektivtransport ("persontransport i rute med motorvogn eller fartøy mot vederlag") må ha løyve frå løyvestyresmakta. Søknader som heilt eller delvis gjeld Møre og Romsdal skal sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune. Kva reglar som gjeld for ruteløyve er omtalt i m.a. yrkestransportlova og i yrkestransportforskrifta. 

Frammr.no hjelp deg med dei spørsmål du må ha ang. kollektivtransporten i Møre og Romsdal. Nettstaden hjelp deg mellom anna med åplanlegge reisa di, ordne reisekort eller andre ting du måtte lure på.