Vigilo – kommunikasjonsløysing for føresette og barnehage/skule

I 2023 innførte Ørsta kommune ei digital løysing for enkel kommunikasjon med føresette.

Vigilo er ei kommunikasjonsløysing som du kan bruke via mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin.

Logg på Vigilo 

Kva får du informasjon om?

Vigilo får du som føresett tilgang til ein egen foreldreportal. Der kan du kommunisere med tilsette i den enkelte barnehage eller skule. Foreldreportalen er meint for å sende praktiske opplysingar til og frå barnehagen eller skulen. Dette kan vere informasjon om fråvær og aktivitetar.  

Utover dette er det sjølvsagt mogleg å ta direkte kontakt med barnehagen eller skulen på telefon.

Dette er tilgjengeleg i foreldreportalen via nettlesar:

  • Søknadar
  • Meldingar og brev
  • Karakterar, orden og åtferd (skule)  
  • Helsekort (allergiar)
  • Barnehage- og SFO-plass
  • Samtykke (skal godkjennast av registrerte føresette)

I appen er det avgrensa funksjonar, men dette er tilgjengeleg:

  • Meldingar og brev  
     

Du får berre tilgang til opplysingar om eige barn i foreldreportalen. Føresette får ikkje opplysingar eller vurderingar som gjeld andre barn i barnehagen, klassekameratar eller andre elevar.  

Kven får tilgang?

Føresette med foreldreansvar  

Berre føresette med foreldreansvar får tilgang til portalen. Kommunen har tatt utgangspunkt i folkeregisteret sine registreringar. Er det feil opplysingar, må du kontakte folkeregisteret for å rette opp desse feila.  

Hovudregelen er at føresette med foreldreansvar har krav på same informasjon frå barnehagen eller skulen om sitt barn. Dersom den eine av dei føresette har foreldreansvar åleine, har den andre føresette ikkje tilgang til foreldreportalen, men likevel rett på informasjon. I slike tilfelle får du informasjon etter konkret førespurnad, jf. barnelova § 47, og ikkje som løpande oppdateringar.  

Andre nære omsorgspersonar

Ein del barn har vaksne rundt seg utan foreldreansvar heimla i lov, men som likevel er viktige omsorgspersonar og bidragsytarar i barnet sin oppfostring. Dette kan til dømes vere tilfelle når ein forelder har fått ny partner etter eit samlivsbrot, eller når den attlevande forelderen inngår eit nytt samliv etter den andre forelderen sin død. Ein ny partner vil i utgangspunktet ikkje få del i foreldreansvaret for barnet, og kan ikkje erstatte den andre forelderen sin rettslege posisjon. Likevel kan det vere ønskeleg at dei får tilgang til visse typar informasjon. På generell basis må spørsmålet om kor mykje informasjon dei skal få tilgang til, uavhengig av kommunikasjonsform og kommunikasjonsplattform, vurderast i kvart enkelt tilfelle.

Personar som ikkje er definert som barnet sine nære omsorgspersonar

Personar som ikkje er definert som barnet sine nære omsorgspersonar kan ha behov for å vete om det skjer noko særskilt akkurat dei dagane når dei har omsorg for barnet. Døme på dette er når besteforeldre eller ein nabo skal passe barnet. Ved behov for informasjon ta då direkte kontakt med barnehagen eller skulen per telefon.

Barnet sin medråderett om kven som skal ha tilgang og innsyn  

Barnet eller eleven sin rett til personvern og rett å bestemme over seg sjølv aukar med alderen. Fram til dei er fylt 18 år vert elevane sin rett til sjølv å avgjere kva føresette (og andre) skal få vite om skulerelaterte forhold styrka (elevvalt foreldreinnsyn). Barnet sin alder påverkar derfor kva du som føresett skal få innsyn i. 

Korleis ta i bruk Vigilo?

Foreldreportalen er tilgjengeleg i nettlesar på PC, nettbrett og smarttelefon.

Logg på Vigilo

Du loggar inn med ID-porten, og når du loggar deg på må du velje «Ørsta» som kommune.  

NETTLESAR – skriv inn nettadressa www.vigilo.no/orsta i nettlesaren. 
APP – Appen Vigilo er utvikla både for iOS og Android. Du kan laste den ned via Apple Store eller Google Play.

I Vigilo sitt Hjelpesenter kan du få hjelp til det meste. I tillegg har dei brukarrettleiing for bruk av meldingar, bruk av fråværsmeldingar og korleis endre innstillingar

VIKTIG - Kva kan du skrive og ikkje skrive i meldingstenesta?

Sensitiv informasjon

Føresette må vere merksame på kva for type sensitiv informasjon dei sender gjennom foreldreportalen i Vigilo, enten som del av ei melding eller som vedlegg.

Døme på sensitiv informasjon som ikkje skal sendast i meldingssystemet er

  • opplysingar om alvorleg eller kronisk sjukdom,
  • eller vanskelege forhold på barnehagen, SFO eller skulen som involverer andre namngjevne elevar og tilsette.

Alvorlege forhold på skulen som sterk mistrivsel, krenking og mobbing, medelevar sitt namn, individuelle opplæringsplanar og enkeltvedtak skal meldast direkte til skulen.

Kortvarige helseopplysningar

I meldingssystemet kan du melde inn kortvarige helseopplysningar som t.d. «Line blir heime frå skulen grunna omgangssjuke», «Per skada foten på trening i går kveld» og «Svein synes det er vanskeleg på skulen for tida». Ver merksam på at andre tilsette på skulen enn barnet sin kontaktlærar også kan lese meldingane som kjem inn. Du må aktivt velje den andre føresette som mottakar for at denne skal sjå meldinga.  

Meldingssystemet er ikkje meint som erstatning for det fysiske møtet mellom føresette og skulen. Det er framleis høve til å ringe eller be om eit eige møte med den enkelte skule eller barnehage.