Tilskot til skjøtsel, skilting, merking og mindre friluftstiltak

No er det høve til å søke om tilskot til tiltak for friluftsliv og formidling av kulturarv.

No kan privatpersonar, stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar søke tilskot til tiltak for friluftsliv og formidling av kulturarv.

Kva kan du søke tilskot til?

Tiltak som kombinerer tilrettelegging for friluftsliv og formidling av kulturarv vil bli prioritert.
Når kulturarv er ein del av søknaden, blir tiltaket prioritert dersom kulturminne

  • er freda etter lov om kulturminne
  • står i lista over kulturminne i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturmiljøplanar/kulturminneplanar
  • er regulert til bevaring/omsynssone i medhald av plan- og bygningslova

I friluftslivsområde der kulturminne ikkje er ein del av tiltaket prioriterer vi slik:

  • Tiltak i nærleiken av der folk bur og/eller oppheld seg
  • Område som er kartlagt og verdsett etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-98 2013
  • Prosjekt som inngår i ein heilskapleg plan eller strategi, til dømes plan for friluftslivets ferdselsårer

Meir informasjon finn du på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside.

 

Frist

Søknadsfrist 1. april.

 

Søknadskjema

Søknadskjema i Regionalforvaltinga