Utsleppsløyve for mindre private avlaupsanlegg

Er du eigar av bustad, hytte, turistbedrift og liknande som ikkje er knytt til eller ikkje kan koplast til offentlig avlaupsanlegg, må du søkje kommunen om løyve til å sleppe ut avløpsvatn. Dette gjeld for utslepp mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Vær merksam på at det tekniske anlegget kan vere søknadspliktig etter plan- og bygningslova. For kommunen vil det vere naturleg å samordne handsaming av utsleppsløyve med handsaming av anlegget etter plan- og bygningslova.

Forskrift renovasjon og slam

Forureiningsforskrifta


Søknad om å etablere eit avlaupsanlegg krev to søknadskjema, eit for Søknad om utsleppsløyve og eit for Søknad om etablering av avlaupsanlegg. Søknaden krev søknad med hjelp av fagfolk. Søknad med hjelp av fagfolk betyr at søknad, prosjektering, utføring og kontroll i tiltaket skal gjerast av føretak. I praksis betyr dette at du som tiltakshavar ikkje sjølv fyller ut søknaden, prosjektere eller utfører arbeidet - alt skal gjerast av fagfolka du engasjerer.

Lurer du på kven som har naudsynt sentral godkjenning i kommunen så finn du dette på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet.

Sjå også Rettleiing til søkjar av utsleppsløyve for utslepp av avløpsvatn under 50 pe

 

Dette skal leggast ved i søknaden:

(NB: dokumenta vert automatisk lasta ned når du trykkjer på koplingane under).

Vilkåra går fram av forureiningsforskrifta kapittel 12 og eigaren av avlaupsanlegget er ansvarlig for drift og vedlikehald etter forskrifta. Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygd og drevet i samsvar med løyve.


Slamtømming

Har du slamavskiljar (septiktank) eller tett tank plikter du å følgje tvungen kommunal tømmeordning etter følgjande frekvens:

  • Bustader vert tømt ein gong anna kvart år. For dei med tett tank kvart år.
  • Fritidsbustader vert tømt ein gong kvart fjerde år.

Utsleppsløyve kan fastsetje anna tømmefrekvens, men eigar pliktar også ved behov å bestille ekstra tømming for å hindre forureining frå anlegget. Volda og Ørsta Reinhaldsverk er ansvarleg for tenesta.
 

Krav sett av VØR

  • Akseltrykk veg 8 tonn med snuplass i enden av vegen for treaksla lastebil.
  • Slangelengde maks 70 m.
  • Høgde frå botn slamtank til veg der lastebil står, maks 7 m.

 

* Dokumentasjon av nøytral fagkyndig: Her må ein ha med namn på nøytral fagkyndig (person/firma) som har hjelpt til med val av reinsemetode og/eller dokumentasjon av reinsegrad. Du skal føre opp kven (nøytral fagkyndig person / firma / leverandør) som har hjelpt deg med utforming og dimensjonering av reinseanlegg, og dokumentasjon av reinsegrad. Ver merksam på at dokumentasjon av reinsegraden til anlegget skal vere utført av ein nøytral fagkyndig.
 

Generell kommunal informasjon om avlaup