AKTUELT NO:

Dyrehelse og husdyrhald

Landbrukskontoret har oppgåver i samband med tilskotsforvaltninga, husdyrkonsesjonslova, erstatningsordningar og organisert beitebruk. På gardsbruka i Ørsta og Volda har vi eit vidt spekter av husdyr. 

Det er avgrensningar i kor mange dyr ein kan ha på eit føretak. Dette vert regulert gjennom "Konsesjon etter lov om regulering av ervervsmessig husdyrhald". Føremålet ved lova er ei ønska spreiing av svine- og fjørfeproduksjonen på fleire einingar ved å regulere produksjonsomfanget hjå kvar einskild produsent.

Kommunane Ørsta og Volda har 18 beitelag som organiserer tilsyn og sanking av små- og storfe som går på utmarksbeite. Her er lite tap til freda rovvilt, men det er diverre tap av ein del dyr kvart år. Tapa er då relatert til sjukdom grunna flåttbitt, alveld, mv. I menyen til høgre finn du informasjon om husdyrhald. 

Beitelaga kan søkje om tilskot til investeringar gjennom ordninga «Tilskudd til tiltak i beiteområder». Lenke til meir informasjon og søknad finn du her.

Retningsliner for tilskot til tiltak i beiteområder (PDF, 564 kB)

Det er Mattilsynet som står for godkjenning av oppstart, driftsmåte og bygningar for husdyr. Ved oppstart av husdyrhald treng du produsentnummer. Kontakt Landbrukskontoret for å få tildelt produsentnummer.

 


 

Kontakt

Børild Skåra rådgjevar
90699240
@ Børild Skåra
Strandgata 7 Ørsta Mattilsynet
22400000
@ Strandgata 7 Ørsta Mattilsynet
Guro Sterud Stutlien konsulent landbrukskontoret Ørsta Volda
90704501
@ Guro Sterud Stutlien