Kommunalt tilbod
Kontorlokale: Ørsta velferdshus, Dalevegen 24, 6153 Ørsta
Postadresse: Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Målet med tenesta er at menneske med sjukdom, skade eller lyte som har eller står i fare for å få nedsett funksjonsevne, skal oppretthalde eller betre denne. Målgruppa er menneske i alle aldrar og livsfasar. Tiltak vert iverksett og utført på den arena som er naturleg og til det beste for den enkelte. (Skular, barnehagar, heimen, institusjonar eller i våre fysioterapilokalar). Pasientar som treng fysioterapi, kan ta direkte kontakt med fysioterapitenesta. I tillegg får tenesta henvisning frå ulike instansar som til dømes lege, sjukehus, helsestasjon eller institusjon. Dersom ein uteblir eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid, må ein betale eigenandel uavhengig av frikort eller ikkje.
Kontakt:
Kontaktinformasjon til fastlønte fysioterapeutar
Ragnhild Svensli
Einingsleiar for ergo, fysio og friskliv
Hanne Marit Myklebust
Spesialfysioterapeut
Karen A. Øie
Fysioterapeut / Frisklivsrettleiar
Trude Vattøy
Fysioterapeut
Stina Jakobsen
Fysioterapeut
Silje Krumsvik Skeide
Fysioterapeut
Arbeidsoppgåver til fastløna fysioterapeutar:
Undersøke, observere, vurdere, setje i gang behandlingstiltak og evaluere.
- Behandle individuelt og i grupper.
- Heimebesøk ved behov
- Oppfølging av born i skular og barnehagar
- Fysioterapi til institusjonspasientar, inkludert korttidsavdeling
- Råd og rettleiing.
- Vurdere behov for hjelpemiddel og søke til Hjelpemiddelsentralen i samråd med ergoterapeut.
- Delta aktivt i ansvarsgrupper i tverrfagleg team - koordinator for individuelle planar.
- Samarbeid med spesialisthelsetenesta.
- Opplæring og fagleg undervisning.
- Førebyggjande og helsefremjande tiltak, i nært samarbeid med friskliv og helsestasjon.