Lokal fritidskasse

Illustrasjonsfoto av eit barn som sit på graset og ser på ein fotballkamp. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Unsplash


Fritidskassa er ei lågterskel stønadsordning for barn og unge mellom 6 og 19 år, med siktemål om å bidra til at alle skal ha moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar som idrett, korps, dans, m.m., utan at økonomi skal vere eit hinder.  

 

Ørsta kommune har fått støtte frå Bufdir til fritidskassa gjennom stønadsordninga «Tilskudd for inkludering av barn og unge».

 

Kva kan søkast tilskot til?

  • Kontingent
  • Tilskot til cupar/turneringar/stemne
  • Utstyrspakkar (maks 1000 kr)
     

Korleis fungera det?

Faktura på kontingent og cupar/stemner/turneringar betalar kommunen.
For utstyrspakkar får barnet eit tilskotsbrev som beskriv støtta og pris som kan nyttast til å handle med i fysisk butikk.  
 

Kven kan få tilskot?

Økonomi skal ikkje vere eit hinder. Fritidskassa er ei lågterskel stønadsordning for barn og unge mellom 6 og 19 år, med siktemål om å bidra til at alle skal ha moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar utan at økonomi skal vere eit hinder.  
 

Kven kan søke for barnet/den unge?

Trenarar, lagleiarar, dirigentar, foreldre og andre vaksenpersonar rundt barnet/den unge.  
Ansvarleg søkjar må vere over 18 år.   
 

Korleis søke?

Søknad skjer gjennom digitalt søknadsskjema.  Dokumentasjon på kostnad må leggast ved.  

Søknadskjema
 

Tildeling

Ordninga vert administrert av Frivilligsentralen, og tildelande mynde er frivilligsentralen si ressursgruppe. Tilskot vert tildelt fortløpande.  

Du får svar frå frivilligsentralen på søknaden din i digital postkasse.  

 

Spørsmål om ordninga? Ta kontakt med Rebecca Riise Bjerknes.

Kontakt

Rebecca Riise Bjerknes Leiar Ørstahallen og Frivilligsentralen
91313572
@ Rebecca Riise Bjerknes