Friluftsliv

Alle skal kunne drive friluftsliv, anten det er i nærleiken av tettstader eller i naturen elles. Det er eit mål å sikre tilgang til viktige friluftsområde mot nedbygging, inngrep og støy, og sikre tilgang  til slike område frå bustadar, skular og barnehagar. 
 
Allemannsretten er ein av dei viktegaste føresetnadane for friluftslivet. Allemannsretten er nedfelt i friluftslova og sikrar rett til fri ferdsel i  utmark på visse vilkår.
 
I Ørsta er inste delen av Raudøya sikra med statlege friluftsmidlar. Badeplassen ved Nakkestranda (Vatnevatnet), Vekslet (Ose), parkeringsplassen ved Bondalseidet og eit turdrag ved Oskarelva er også statleg sikra. Kommunen har gjennom friviljuge avtaler også sikra lokalt   viktige friluftsområde ved badeplassane i Grøvika og Hovdevatnet og turvegar på Ose og Rjåneset. 
 
Ørstaelva er eit nasjonalt laksevassdrag med Ørstafjorden som nasjonal laksefjord. Vidare er Bondalselva er ei av dei største lakseelvane i fylket.